Kultur | 20. nov. 2012

Restauranten er ferdig

Interiøret er ferdig, kokk er på plass - og etter fleire veker med venting har AroyDee no opningsdatoen klar.

Restauranten er ferdig
Somphong Soobthaisong frå Thailand har jobba 20 år som kokk. I haust kom han til Noreg for å koka på Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. nov. 2012 14:15

Rett etter sommarferien starta bygginga av restauranten AroyDee i Telthuskvartalet.

– Vi håper på å opna i slutten av denne månaden, sa innehavar Marirosi Marcellin til Midtsiden i september.

Les òg: Thairestaurant under bygging

Sidan har det vore byggearbeid i lokalet, men restauranten er førebels ikkje opna.

Venting og nytt krav

– Handverkarar i Os har det tydelegvis travelt og vi har måtta venta lenge på rørleggar.

– Då vi endeleg fekk tak i ein og han no var ferdig viste det seg at vi får nytt krav frå kommunen, seier Marcellin .

Fettavskiljar må på plass.

Opnar neste veke

Fettavskiljar kostar tid og pengar å få montert, men AroyDee får likevel opna allerie neste veke.

– Vi har hatt veldig god dialog med kommunen og dei viser forståing for situasjonen vår. Så vi får lov å opna litt før fettavskiljar er montert.

Opningsdag blir torsdag29. november.

Kokken er klar

Marcellin og kona eig frå før AroyDee på Laksevåg. Til restauranten på Os skal ein ny, men erfaren kokk inn.

Somphong Soobthaisong kom til Noreg i slutten av september og er klar til å koka til osingane.

– Eg har vore litt på reise dei siste åra. Først jobba eg som kokk i 13 år i heimlandet mitt, Thailand, så blei det 4 år i Isreal og 3 år i Ungarn no før eg kom til Noreg, fortel den erfarne kokken.

Soobthaisong har laga thailandsk og japansk mat desse 20 åra på ulike kjøkken. I Os blir det både thaimat og sushi på menyen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.