Lokal | 14. sep. 2015

Resultatet frå førehandsstemmene

ValiOs15: Frp og Høgre held fleirtalet i kommunestyret om resultatet blir lik førehandsrøystene.

Resultatet av førehandsstemmene i Os 2015.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. sep. 2015 19:04

Bildeserie:

1 av 1

Dei 2.293 førehandsrøystene blei talt opp og offentleggjort rett etter klokka 21.00 måndag kveld.

Sjå direktesending frå rådhuset her!

Blir dette det endelege valresultatet blir Terje Søviknes framleis ordførar. Frp går fram 1 prosentpoeng samanlikna med førehandsrøystene for fire år sidan og vinn to nye mandat i kommunestyret.

Høgre som dei har styrt samman med i siste periode mister tilsvarande to mandat og går tilbake 1,6 prosentpoeng.

MdG og Sp mest fram

Størst tilbakegang har TvS med -2,4 prosentpoeng. Det tydar på at, om dette resultatet held seg, så får dei berre to representantar i kommunestyret mot dagen fire.

Vinnaren av førehandsrøystene er uten tvil Nils-Anders Nøttseter og MDG. Dei går frå 1,1 prosentpoeng i 2011 til 5,7 i 2015 og får inn to representantar. Godt gjer også Sp det som får inn to om dette resultatet held seg.

Nærmast til å vinna eit mandat er SV, som manglar fattige 10 stemmer om førehandsrøystinga blir lik det endelege valresultatet. Nærmast til å tapa eit mandat er Sp (38 røyster)

Fleire enn i 2011

I 2011 var det 2.147 førehandsrøyster av i alt 8.784 stemmer.

Men då var det òg færre i Os med stemmerett.

Totalt frammøte var 69,1 prosent i Os ved førre lokalval.

Les òg: 1.523 fleire stemmer å kjempa om

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.