Lokal | 02. sep. 2015

Resultatet frå første skulevalet

#ValiOs15: Mens Os Gymnas ventar til neste veke har Os vgs gjennomført. Her er resultatet.

Resultatet frå første skulevalet
Lærarane fekk hjelp av elevar som var funksjonærar under valet i går. F.v.: Christoffer Gurvin Skaaland, Marie Henriksen Håland og Anja Håvadstun Iversen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. sep. 2015 10:04

– Vi gjennomførte skulevalet denne veka fordi det passa best inn i planane våre, fortel lærar Mona Stigen Heggeland.

Elevane frå 14 VG1-klassar, 14 VG2-klassar og 4 på tredje trinn stemte tysdag 1. september.

Onsdag morgon blei stemmene talte opp.

– Av 452 elevar var det 402 som stilte. 57 av desse stemte blankt, dermed var det 345 teljande røyster frå vgs-elevane.

Frp størst - men går mest tilbake

Fremskrittspartiet er framleis størst ved Os vgs, men går tilbake med 9,1 prosentpoeng, frå 43,6 til 34,5 %. I 2007 hadde Frp heile 59,1 prosent av stemmene ved Os vgs.

Høyre og Mdg går mest fram med 3,6 og 3,3 prosentpoeng.

Høyre har også passert Ap og er no nest største parti på Os vgs.

Sp går tilbake heile 5,4, Ap går tilbake 2,2 prosentpoeng.

Venstre vaks litt, men må likevel sjå seg slått av parti som Piratpartiet og Pensjonistpartiet.

KrF og SV fekk berre 6 og 5 stemmer og står med 1,7 og 1,4 prosent av stemmene.

Her kan du lesa om debatten Os vgs hadde i førre veke.

Resultatlista

Resultat frå skulevalet ved Os vgs 2015
(Partilister frå fylkesting-valet)
Frp 34,5 % (-9,1) - 119 stemmer
Høyre 18,8 % (+3,6) - 65 stemmer
Ap 13,0 (-2,2) - 45 stemmer
Piratpartiet 7,0 % - 24 stemmer
Pensjonistpartiet 4,3 % - 15 stemmer
MdG 4,3 % (+3,3) - 15 stemmer
Venstre 3,8 % (+0,6) - 13 stemmer
Sp 3,5 % (-5,4) - 12 stemmer
Rødt 2,6 % (+1,2) - 9 stemmer
Feministisk Initiativ 2,6 % - 9 stemmer
KrF 1,7 % (-0,4) - 6 stemmer
SV 1,4 % (+0,7) - 5 stemmer
Demokratene 0,6 % - 2 stemmer
Kystpartiet 0,3 % - 1 stemme

Resultata frå 2011 (med 2007 i parantes)
Frp: 43,6 % (59,1)
Ap: 15,6 % (5)
H: 15,2 % (18,9)
Sp: 8,9 % (5)
V: 3,2 % (1,5)
KrF: 2,1 % (1,2)
Raudt: 1,4 % (0,9)
MdG: 1,1 % (-)
SV: 0,7 % (1,5)
Andre*: 8 %

• I 2011 fekk Frp og Ap 27 og 26 prosent av stemmene ved Os Gymnas.

• Her er resultatet frå førre lokale skuleval ved Os Gymnas.

Midtsiden samleside: #ValiOs15

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.