Rett inn i formannskapet
Eit valteknisk samarbeid gjev MDG plass i formannskapet.
Miljøpartiet dei Grøne (MDG) gjekk får ingen til to mandater i kommunestyret etter valet 14. september. No får dei òg plass i formannskapet.
Les óg: Slik blir kommunestyret
Med fem parti som alle får to representantar kvar i kommunestyret måtte det samarbeid til for at partia skulle få sine representantar inn i dei tre hovudutvala; formannskapet, plan- og bygingsutvalet og tenesteutvalet.
Les óg: Må søka samarbeid
No har nokon snakka saman og det er klart at Tverrpolitisk samlingsliste, Senterpartiet og MDG får ein representant i kvart sitt utval.
– TvS, Sp og MDG har funne saman i eit valteknisk samarbeid etter kommunevalet 14. september, fortel Nils-Anders Nøttseter (MDG) på vegne av dei tre partia.
– Eit viktig moment i dette arbeidet har vore at ingen parti skal stå utanfor utan ein fast utvalsplass. Vi er difor einige om at TvS skal fortsetta det gode opposisjonsarbeidet i plan- og bygingsutvalet, MDG går inn i formannskapet og Sp får no fast plass i tenesteutvalet.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.