Rettar fokus mot ulovleg bålbrenning
Måndag skal brannvesenet ha møte med politiet - i går sløkte dei nok eit ulovleg bål.

Fredag klokka 20.40 rykte brannvesenet ut til Nore Neset på fleire meldingar om bål med tilhøyrande dårleg lukt.
– Det var eit ulmande bål på staden då vi kom fram, men ingen folk. Det lukta surt av bålet, og det var teikn til brenning av anna enn hageavfall, så vi sløkte det, fortel Espen Storum.
Storum er leiar for forebygging i Os brannvesen.
Politiet blei kontakta og følgjer opp.
Tryggleik og slurv
Generelt er folk flinke å varsla brannvesenet om dei skal brenna hageavfall. Det gir god informasjon i tilfelle avtstandsmelding om brann.
Men brannvesenet får òg ein del utrykking til bål der folk brenner andre ting enn hageavfall.
– Bålbrenning er regulert av tre lovar, brannloven, forureiningsloven og folkehelseloven (avfallshandtering). Det er for eksempel ikkje lov å brenna byggematerialar. Næringsaktørar har heller ikkje lov å brenna hageavfall.
- Les meir på lovdata.no
– No til våren vil vi saman med politiet ut med ein informasjonskampanje, så folk veit kva som er greit og ikkje.
Bjørnafjorden kommune har dessutan sin eigen brannforskrift.
Frå 15. april til 15. september er det generelt bålforbod i kommunen, då er det slutt på brenning av hageavfall og berre greit med bål til grill og kos på eigne bålplassar.
I spesielt tørre periodar kan brannvesenet legga ned totalforbod mot bruk av open eld.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.