Næringsliv | 23. jan. 2014

Rettar fokus på frisørar

– Låge prisar og kontant betaling er ofte teikn på skattesvindel og sosial dumping, meiner Skatteetaten, og varslar fokus på tre utsette bransjar. Frisørar i Os ønskjer fokuset velkome.

Rettar fokus på frisørar
Frisørar i Os ønskjer Skatteetaten sitt nye fokus velkome. F.v.: Tor Eigil Johannessen, Lena Stigen Mathisen og Kåre Lunde. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. jan. 2014 13:00

– Vi har ein lang veg å gå når det kjem til dei kontantbaserte bransjane, seier Jan-Egil Kristiansen, skattekrimsjef i Skatt Øst, til Dagsavisen.no.

No vil Noreg følgja ein modell som med suksess har vore brukt i Sverige sidan 2007.

Det blei frå 1. januar i år stilt nye krav til frisørbransjen, velvære, bilpleie og serveringsbransjen, som no må føra personallister. Tilsette i desse bransjane skal også ha på seg legitimasjon, eventuelt pass.

Les meir om kravet på skatteetaten.no.

Bedrifter som ikkje fører lister risikerer 8600 kroner i gebyr, og 1720 kroner per tilsett som ikkje er ført på lista.

Uvisst omfang i Os

Midtsiden har snakka med representantar for tre av dei lokale medlemsbedriftene i Norske Frisør– og Velværebedrifter (NFVB), Tor Eigil Johannessen frå ToJo, Lena Stigen Mathisen frå Toppen og Kåre Lunde frå Lundehjørnet.

– Vi har ikkje kontroll over kor stor svart marknad det kan vera i Os, men vi ønskjer fokuset velkome! seier Tor Eigil.

– Men vi får ofte spørsmål om prisane våre, og kommentarar på at det er dyrt å klippa seg. Eg skulle ønskja at det kom tydelegare fram kva det kostar å driva på lovleg vis, seier Lena.

Løn og nye tekniske krav

– Betalar du to hundre kroner for hårklipp eller polering av bil, og skal betala tariffløn og arbeidsgjevaravgift, er det lett å rekna ut at arbeidsgjevaren ikkje sit igjen med éi krone, seier skattekrimsjef Kristiansen.

Kåre Lunde fortel at kostnadane med å driva frisørsalong blir stadig høgare, ikkje minst grunna nye, tekniske krav.

– Det er ikkje lenge sidan vi hadde totalrenovering av salongen. Så kom nytt krav om friskluftsanlegg, i tillegg til dei strenge krava for punktavsug som var frå før.

– Vi måtte ta store og dyre installasjonar etter at den nye salongen var ferdig.

– Folk må forstå at dei handlar svart

I tillegg til krav om personallister har det kome eit lovforslag om betre sikring av kassaapparatene. Dette er oppe til EØS-høyring.

– Det er betaling med kontantar som er roten til mange av problema i desse bransjane, seier Kristiansen til Dagsavisen.

Og forbrukarane kan vera med på å få ned omfanget av svart arbeid.

– Er det for godt til å vera sant, så er det nok også det. Låge prisar og kontant betaling er tydelege teikn på dette.

– Folk må forstå at svart handel kan få store konsekvensar, sånne kjøp er med på å øydelegga både næringslivet og velferdssamfunnet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.