Næringsliv | 16. feb. 2012

Rettar opp skeive golv

13.000 par sko blei kjørt ut av Euro Sko og Økonomisko for å gjera plass til oppretting av skeivt golv på AMFI Os.

Rettar opp skeive golv
I dag går støypearbeidet for fullt i 2. etasje i senteret. 13 cm skeivt golv i to butikkar og lager skal rettast opp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. feb. 2012 11:56

Måndag stengte dørene hos Euro Sko og Økonomisko i 2. etasje i AMFI Os. Årsaka er planlagt reparasjonsarbeid etter byggearbeidet med det store tilbygget i 2011.

– Med så stor masseutskifting som vi hadde inntil senteret er det naturleg med litt innverknad på eksisterande bygg. Heldigvis blei det ikkje alvorleg, noko blei tatt undervegs, som i Senterkiosken, medan skobutikkane og lageret har LAB venta med til no, seier senterleiar Christer Danielsen.

Veldig skeivt

Eigar av dei to butikkane, Per Ove Fimreite, fortel at dei merka at golvet var skeivt tidleg i byggeprosessen.

– Då dei starta med gravinga og spuntinga i fjor på denne tida så rista det litt i bygget. Så merka vi at golvet blei skeivt, blant anna ved at reolane på lageret, som går på hjul, rulla seg saman på éi side.

Éi av dei tilsette har vore sjukmeldt grunna det skeive golvet og flytting av tunge reolar i "oppoverbakke".

På det meste var golvet 13 centimeter skeiv, nok til at kundar med barnevogn måtte setja bremsane på viss dei gjekk frå vogna.

Forsikringssak

Dei tilsette i dei to butikkane jobba frå måndag til midten av onsdag med å tømma butikken for varer.

– Det blei mykje å tømma, 12.000-13.000 sko er no kjørt ned i eit lagerbur i kjellaren, eit bur vi måtte utvida to gongar for å få plass til alt.

Fimreite fortel at dei får erstatning for tapt omsetnad i perioden dei no har stengt.

– I tillegg får vi nytt golv og nymalte veggar, så det blir kjekt å opna igjen.

Stengt i cirka to veker

I dag står Brødrene Borgen med pumpebilar og spyr betong inn i senteret og opp i andreetasje.

Butikkane blir opna i slutten av neste veke.

– Hyller både i butikk og på lager må kappast litt, sidan golvet no blir høgare. Så det kjem til å ta ein del tid å innreia butikkane igjen. Likevel skal vi nok klara å opna i torsdag 23. eller fredag 24. februar, trur Per Ove Fimreite.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.