Sport | 16. nov. 2019

Rev med skabb sneik seg inn i låve på Moberg

Det blei siste stopp for smitteberaren.

Rev med skabb sneik seg inn i låve på Moberg
Den sjuke reven blei skoten på Moberg i dag. (Privat foto: Lars Ole Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. nov. 2019 21:26

Dei siste vekene er det fleire som har fortalt på Facebook om ein rev med skabb som har vandra rundt på Moberg.

Rev som er smitta av skabb vil fort bli svekka. Den får problem med å skaffa seg mat, blir mindre sky og vil døy i løpet av 3-4 månadar.

Reveskabb er dessutan svært smittsamt.

– Reveskabb er ubehageleg for menneske, men ikkje farleg. Men det er veldig smittsamt, andre dyr kan til og med bli smitta av å gå der reven har gått, sa viltkontakt Espen Andersen då det blei åtvara mot sjuk rev i Lysefjorden i november i fjor.

– Skabb overlever i pels som reven har mista, derfor bør hunde- og katteeigarar i området kontakta veterinær.

Skoten på Moberg

Reven som har vore observert på Moberg den siste tida, blei laurdag formiddag observert då den gjekk inn i ein kjellar på ein låve.

Eigar ringte til jeger Lars Ole Lunde, som òg felte ein sjuk rev på Halhjem i juli.

– Han følgte med på reven til eg kom fram, fortel Lunde.

Han jaktar både rev og storvilt. I dag fekk han ein enkel jobb.

– Eg stilte meg opp utanfor, så var det berre til å jaga reven ut av kjellaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.