Lokal | 08. aug. 2014

Revejakt gav politijakt

Melding om mann med våpen, viste seg å vera revejeger på jakt.

Revejakt gav politijakt
illfoto: KVB
Andris Hamrefredag 08. aug. 2014 07:30

Torsdag kveld fekk politiet melding om ein mann med våpen på Lepsøy.

– Han var kledd i vanlege klær med dongeribukse og jakke.

– Då vi kom ut der og fekk kontakt med han, viste det seg at han var på revejakt.

– Klokka var då 22.39, litt i seinaste laget for å drive den type jakt, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Vanskeleg å vite

Lensmannen har full forståing for at dei som meldte frå trudde det var noko anna enn jakt som pågjekk.

– Slik vedkommande var kledd, kan det vera vanskeleg å forstå at han var ute på jakt.

– Saka løyste seg veldig greitt. Mannen var forståelsesfull og avslutta jakta etter at vi hadde prata med han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.