Reven gjekk rett i fella
Den trebeinte hønsetjuven på Halhjem forsynte seg grovt frå buret til Judith Andersen. Men så blei det slutt.
Han stal nesten ei høne for dagen, reven som har herja på Halhjem den siste tida.
– Eg hadde 8 høner, no har eg 4, fortel Judith Andersen.
Ho såg sjølv på då reven stakk av med den eine, den andre fortalte naboen at reven kom med i kjeften.
Mangla ein fot
Judith trur ein skade hos reven har ført til at den var nærgåande.
– Den hadde berre tre bein, vanlegvis er revar meir sky enn dette.
– Eg sto i hagen og hengte opp klede då han hoppa over gjerdet, tok seg inn i hønsehuset og sprang av garde med den eine høna. Friske revar oppfører seg ikkje sånn.
I fella på første forsøk
Hønemor kontakta politiet som sendte ein viltkontakt til Halhjem på oppdrag.
– Han sette opp felle, ei felle som fangar reven levande. Han bad oss følgja med at det ikkje gjekk kattar i fella, sidan det er så varmt ville dei ikkje hatt det godt.
Men ingen kattar rakk å gå i fella før reven sat der.
Viltkontakten blei kalla inn igjen og reven blei avliva.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.