Richard Lunde lagde ei luke i siste del av bakken, og heldt leiinga til mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Richard og Bertine vann Langedalen Opp

Kjempa seg opp frå Vinddalsvatnet til topps på under ti minutt.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søndag blei årets Langedalen Opp arrangert, som vanleg med to klassar, i år i solskin og 17-18 gradar.

Lang løype: Start ved Vinddalsvatnet, 2000 meter lang, 150 høgdemeter.
Turklasse: Start ved Joker Søfteland, 1400 meter lang, 110 høgdemeter.

I turklassen var det heile 94 deltakarar. Her er eigen bildeserie frå kort løype.

I konkurranseklassen var det 22 i herreklassen (mot 24 i fjor) og 14 i dameklassen (mot 9 i fjor).

– Lyderhorn Opp blei arrangert same dag, det var kanskje med på å gjera at det ikkje kom like mange utanfrå Osbygda, seier Erik Tysse frå Søfteland TIL.

– Dermed blei det ein meir lokal tet, det er jo òg kjekt!

Lunde vann herreklassen

Richard Lunde låg i tet over siste kneiken, og heldt leiinga til mål. 

Han vann på tida 9,03.

Tore Sælen kom rett bak, men med fleire i hælane. Han klarte å halda dei bak seg og tok 2. plass på 9,13.

Fredrik Ulvatne passerte éin deltakar oppe på flaten og éin på målstreken. Han stakk av med 3. plassen med tida 9,13, ein halv meer framfor Øystein Risøen. 

På 5. plass kom André Aspenes med tida 9,20.

Lars Lunde sin løyperekord frå i fjor, 7,06, blei ikkje truga.

Færø vann dameklassen

I dameklassen var det fleire deltakarar enn i fjor.

1. plass: Bertine-Helene Færø 9,23
2. plass: Ida Farstveit Dale 9,52
3. plass: Ingebjørg Hollevik 10,06 

Komplette resultatlister blir lasta opp på Søfteland TIL si Facebook-side.

Fleire saker