Lokal | 28. jan. 2013

Rigg på tur - utan førar

Ingen blei skadd då ein hengar med borerigg lausna frå ein traktor og trilla ned ein bratt veg i eit nabolag på Halhjem.

Rigg på tur - utan førar
Hengaren og riggen står fast oppetter ein knaus etter den førarlause ferda. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 28. jan. 2013 12:47

Litt før klokka 13 måndag fekk Midtsiden melding om uhell i Halhjemsmarka.

Ein traktor med tilhengar på veg opp mot det nye bustadområdet Halhjemsmarka 3 mistan hengaren.

På hengaren sto ein borerigg.

– Den kroka seg av. Heldigvis var det verken bilar eller folk bak meg, seier traktorføraren.

Hengaren trilla beint bakover cirka 50 meter før den gjekk utom grøfta, kryssa ein sideveg inn til ein bustad og stoppa i ein knaus med fleire av hjula opp av bakken.

Tauebil er på plass for å slepa hengaren på vegen igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.