Riggar seg klar til første utgåve av Småbåtfestivalen
– Vi håpar på 1000 gjestar denne helga.


Lysefjorden Oselvarlag, som blant anna har mnange aktive ungdomar som medlem, startar denne pinsehelga noko dei håper kan bli ein årleg tradisjon.
Småbåtfestivalen går over to dagar, laurdag og søndag, og responsen så langt har vore god.
– Vi har fleire båt-relaterte utstillarar og ei rekkje aktivitetar gjestane kan vera med på, seier Geir Jonassen.
Småbåtar med motor kan delta i rebusløp på sjøen, andre kan låna oselvar for å ro eller prøva å segla.

Festivalen går på og rundt Buena kai, og med armada ut til Lysøen.
Naboen, restaurant Ole B, byr på livemusikk på kvelden laurdag.
– Blue Experience kjem for å spela. Det var veldig kjekt sist dei spelte her, så det gler vi oss til, seier Hidar.

Rebusløpet, der du får premie allereie når du melder deg på, har siste post på Lysøen.
– Vi timer det sånn at siste post er omtrent samtidig som armadaen av robåtar har ankomst, sånn at mange landar på Lysøen til same tid. For gratis is.

Drange Motor er blant utstillarane. Askeladden er representert ved deira første plastbåt, «Jonny» frå 1950-talet.
Det aktive laget har delt både program og videoar frå rigginga på Facebook-sida si.
– Vi har òg henta mange oselvarar frå Os sentrum. Målet er at vi skal ha 30 båtar liggande klare, og at vi får tusen gjestar iu løpet av helga, seier Jonassen.





