Lokal | 22. jan. 2013

– Riktig mat er drivstoffet

Handlar rett kosthold berre om vekt? Nei, meiner overlege, seksbarnsmor og livsnytar Berit Nordstrand, som i februar besøker Oseana.

– Riktig mat er drivstoffet
Berit Nordstrand held foredrag i Oseana kor ho fortel kvifor rett kosthald er viktig for barns utvikling allereie i 0 - 3 års alderen (pressefoto)
Andris Hamretirsdag 22. jan. 2013 10:44

Tysdag 12. februar kjem Berit Nordstrand til Os for å dela kunnskap om kor viktig rett kosthald er for små barn for å bygga opp mellom anna immunforsvaret og deira mentale kapasitet.

- Berit er utdanna lege frå Universitetet i Trondheim og spesialist i klinisk farmakologi.

- Ho er særleg oppteken av at born skal få dei byggjeklossane dei treng i form av næringsstoffar ein kropp i vekst og utvikling treng.

- På Oseana vil ho gje småbarnsforeldre og barnehagetilsette praktiske tips om korleis ein kan sørge for at borna får den maten dei har behov for, fortel Heidi Aabrekk frå arrangøren Intempo.

Små barn treng fett

Aabrekk fortel at dei gjennom konseptet Bravo-leiken har utvikla eit program kor målet, mellom anna er å fremja språkutvikling og motorisk utvekling.

- Foreldre og barnehagar gjer mykje bra og ein god innsats, men kosthaldsråda som kjem frå helsemynde tek utgangspunkt i vaksne og ikkje det små barn treng.

- Hjerneforskning visar at rett kosthald, mellomanna med meir fett, er viktig for å byggje eit godt nettverk i hjernen.

- Berit Nordstrand vil i foredraget, som er gratis, dra hjerneforskninga ned å eit forståeleg nivå og dela kunnskap om korleis maten påverkar utviklinga for born heilt ned i 0-3 årsalderen, forklarar Aabrekk som ikkje delar politikarane si oppfatning om at tidleg forebygging startar i 3-5 årsalderen.

- Forskninga viser at ein bør starta allereie frå barnet sitt første leveår. Det er då arkitekturen og nettverka i hjernen byggast og seinare problem med til dømes lese- og skrivevanskar kan forebyggast.

Korleis få tid

Utfordringa for mange småbarnsforeldre er å ta seg tid til å laga eit godt samansatt måltid for å få med alle dei næringsstoffa eit lite born i utvikling treng. Som seksbarnsmor er dette noko Nordstrand har god erfaring med.

- Det er ikkje eit praktisk kokkekurs Nordstrand skal helde, men meir korleis organisera seg for å få det til.

- Eit viktig grep kan vera å involvera ungane i matlaginga.

- Berit er kjend for inspirerande og morosamme foredrag der engasjementet hennar smittar over på tilhøyrerane, fortel Aabrekk.

Berit Nordstrand har mellomanna gitt ut den prisbelønna boka "Mat med mer" som tar for seg praktiske tips om hvordan små grep kan gje stor effekt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.