Kultur | 13. okt. 2018

Ringen slutta for Untouchablues

I mai gjorde dei comeback, vesle nyttårsaftan er dei tilbake på festen dei eigde i ti år.

Ringen slutta for Untouchablues
Untouchabl(u)es gjorde comeback på årets Torgfest. På Nore Neset opnar dei showet på festen dei tidlegare «eigde». (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. okt. 2018 07:34

Bildeserie:

Vetrhus Bluesband. (Pressefoto)
Vetrhus Bluesband. (Pressefoto)
Gunslingers fekk stemninga i taket også i fjor. (Foto: KVB)
Gunslingers fekk stemninga i taket også i fjor. (Foto: KVB)
1 av 2
Vetrhus Bluesband. (Pressefoto)
Gunslingers fekk stemninga i taket også i fjor. (Foto: KVB)

Rekorden på å selja ut billettane til vesle nyttårsaftan i Fjellheim var ti minutt. I rundt 10 år på rad spelte Untouchabl(u)es i Fjellheim på den populære romjulsbluesen vesle nyttårsaftan, no er det klart for retur.

– Dei hadde eit strålande comeback på Torgfesten, 11 år etter førre gong, no er vi veldig glade for at vi fekk dei med òg til arrangementet mange hugsar dei frå, seier Tor Egil Hylland.

Osfest-arrangørane sine storkonsertar i Nore Neset Aktivitetshus har vore suksess dei siste åra, og Untouchablues skal opna festen. Seinare på kvelden skal som kjent Vetrhus Bluesband og Gunslingers på scenen.

• Les meir og sjå bildeserie frå konserten vesle nyttårsaftan i fjor

– I tillegg får vi i år halda dansefoten varm også når det er changeover, vår mann i kjole («Runa» Solberg) blir DJ mellom slaga, fortel Hylland.

Stort orkester - enkelt comeback

Det var i januar i år at det blei kjent at Untouchabl(u)es ville gjera comeback, rundt 11 år etter førre konsert.

– Det var ei merkeleg, kjekk og overraskande vellykka første øving. Vi møttest i Os Rockeklubb og plugga i. Tromisen telte til fire, og så var det akkurat som for 11 år sidan, fortel vokalist Geir Magne Johnsen Moberg.

– Alt sat som spikra, også overgangar og stopp. No starta vi rett nok ikkje med dei vanskelegaste låtane, og alle hadde høyrd gjennom CD-en vår på førehand, men likevel spelte vi overraskande bra saman.

– Å få stå på scenen i Os sentrum var rett og slett magisk, som ei reise tilbake i tid.

Sjå video og bildeserie frå Torgfesten

The Untouchablues - litt av historia (presseskriv):

På 60 talet danna kameratane Svein Bruarøy (gitar), Knut-Inge Johnsen (gitar/vokal), Johannes Håkonsund (bass), Hans Otto Bruarøy (trommer) og Erik Brinchmann «Babbisen» Hansen (keyboards) bandet Keen Minikeens. Dei gjorde mange jobbar som danseband rundt om i dei forskjellige ungdomshusa i distriktet. Dei hadde og fleire framføringar i Bergen, der dei blant anna spelte i lag med Hoolegans rett før den store ulukka. Frå mai 1967 til desember 1969 hadde dei nærare 60 spelejobbar totalt! Eit av høgdepunktet deira var deltaking i Ungdomsfestivalen 1968 i Bergen, der Kjell Karlsens orkester var dommarar. Her tapte dei blant anna for Human Beings med Magne Lunde bak trommene. Dei hadde og fleire oppdrag som backing band for Lillian Askeland.

Rundt 1980 starta Frode Bjerkestrand (gitar/vokal), Glenn D. Haugland (gitar/vokal), Karsten Gausvik (keyboards/vokal), Rune Herheim (trommer) og Nils Ole Lekven (bass/vokal), bandet Oz Radioårkester. Nils Ole reiste som utvekslingsstudent til USA, og vart derfor erstatta av Geir-Magne J. Moberg, som fekk tre veker på seg til å skaffa seg bassgitar og læra seg denne. Dei gjekk i same fotspora som Keen Minikeens og farta rundt om i distriktet fleire helgar i månaden.

I 1989/90 slo fleire av desse seg i saman og danna det som i dag er The Untouchablues. Den første besetninga kalla seg «We And The Old Ones», som synte til den eldre og yngre garde. Det har vore mange forskjellige medlemmar og gjestemedlemmar av bandet, som stort sett har vore inspirert av artistar som James Brown, The Blues Brothers, Wilson Pickett, Robbie Johnson, Albert Collins og mange andre frå soul og bluesverda. Av gjesteartister kan ein nemna Britt Synnøve Johansen, Eirik Søfteland, Magne Johan Lunde, Marius Neset og fleire.

The Untouchablues hadde i meir enn ti år fast opptreden vetle nyårsafta i Fjellheim som det store høgdepunktet for året. Sjølv om dei farta rundt omkring med blant anna det berømte Smuget i Oslo på merittlista si. I 1995 ga bandet ut si første og einaste CD. Denne vart spelt in live i Fjellheim. Ein stor produksjon der blant anna NRK stilte med sin lydbuss og teknikarar. Omtrent alt er spelt inn direkte live med Eirik Grønner frå Dokken lydstudio si siste hand på verket. Plata blei slept på Solstrand med stor festivitas og med Geir Hovig frå NRK Bluesoasen som «indirekte» konferansier frå Oslo. Det einaste salige Hovig hadde å utsetja på bandet, var etter eige utsagn «at det var ingen som gjekk på trygd». Plata har vore spelt mykje i radio, og låg heile ti veker på Hordalandstoppen- NRK Hordalands svar på Norsktoppen.

Bandet la seg i «dvale» for 11 år sidan, og pussa opp instrumenta sommaren 2018 for ei gjenforening midt på Osøyro framføre vel 600 tilskodarar.

I dag består bandet av: Svein Bruarøy (gitar/vokal), Håkon Bruarøy (gitar), Frode Bjerkestrand (gitar/vokal), Tord Søfteland (gitar/munnspel/vokal), Geir-Magne J. Moberg (bass/vokal), Erik Brinchmann Hansen (keyboards), Rune Herheim (trommer), Aina Herheim (trombone), Finn Helge Bjørnør (trompet), Halvard Lyssand (trompet), Bjørn Blomberg (saksofonar), Bente Strønen (kor), Marita Strønen (kor), June Strønen Halhjem (kor) og Gina Aspenes (kor/vokal).

Repertoaret inneheld musikk inspirert av rhythm n’blues og soulsjangeren, der blåserekkja ofte er framtredande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.