Næringsliv | 17. jan. 2014

Ringverknadar eller ikkje?

Total-transportør for Lyssand, Rolf Knarvik, blir ikkje ramma av flytting. Men det blir Os Asvo.

Ringverknadar eller ikkje?
Rolf Knarvik og transport-selskapet hans blir neppe råka av Lyssand-flytting. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. jan. 2014 08:20

Onsdag blei det kjent at Inwido ønskjer å flytta Lyssand-produksjonen frå Os, der verksemda blei etablert i 1947, til Sverige.

93 tilsette risikerer å mista jobben.

Fleire bedrifter i Os har Inwido og Lyssand som stor kunde. Blant dei er Os Asvo, som blant anna leverer monterte lister og emballasje til verksemda.

– 70 prosent av omsetnaden vår

Dagleg leiar Kristian Nygaard synest det var forferdeleg å høyra om den planlagte flyttinga.

– Den kommersielle delen av omsetnaden vår er på cirka 6 millionar kroner.

– Leveransane til Lyssand Treindustri utgjer 70 prosent av dette, fortel han.

Om styret i Inwido i februar går inn for flytting, får Os Asvo store utfordringar.

– Vi skal nok få dagane til å gå her nede, utfordringa blir å fylla dei med noko meiningsfylt for alle som jobbar her.

– No får vi sjå oss rundt etter ein ny, stor kunde.

Hovudlager i Industrivegen

Rolf Knarvik Transport AS blei stifta i 1983. Knarvik har kjørt Lyssand-vindauge sidan 1986 og vore totaltransportør for selskapet sidan 2001.

– Dei siste åra, etter at vi bygde nytt lager her i Industrivegen, har vi i tillegg vore godsterminal for Lyssand.

– Det står 10.000 vindauge her når lageret er fullt, fortel Knarvik, som også er totaltransportør for Inwido-fabrikken Frekhaug Vinduet og har hatt mykje fast kjøring for Inwido-merket Diplomat.

Rolf Knarvik Transport AS har i dag 32 tilsette og 25 bilar. Firmaet har blitt kåra til gasellebedrift fleire gongar og auka omsetnaden frå 31,7 til 40,7 millionar kroner frå 2011 til 2012.

Held på kunden

Knarvik seier han synest synd på dei tilsette ved fabrikken. Men han trur ikkje verksemda hans blir råka av ei eventuell Lyssand-flytting.

– I utgangspunktet betyr jo større avstandar meir transport. Vi skal halda fram som godsterminal og vi skal halda fram som transportør. Men om Lyssand gjekk konkurs ville det fått store konsekvensar for oss.

– I dag har vi Bring som underleverandør, og vi kjem nok også i framtida til å ha andre med på transportoppdraga for Inwido.

– I tillegg skal det byggast ein godsterminal for Austlandet i Fredrikstad, så vindauga som er selt til kundar på Austlandet skal ikkje her til oss først.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.