Formannskapet er innstilt på å gje Os Seilforening kommunal garanti i samband med kjøp av Sublift (ill.foto: Os seilforening)

– Risikoen er liten

Politikarane snudde administrasjonen si tilråding og vil gje Os seilforening kommunal garanti.

Av: Andris Hamre

Os seilforening er i ferd med, som følgje av nye miljøkrav, å gå til anskaffing av Sublift for å løfte båtane på land for spyling og slipping. 

– Nye miljøkrav gjer at vatnet etter slik spyling og reingjering må samlast opp i tankar og restavfall transporterast bort og leverast til miljøstasjonar.

– Med dagens løysing for slipping av båtar vil vi ikkje kunne møte miljøkrava på ein hensiktsmessig måte.

– Ein Sublift er ein mobil/motorisert løfteanordning som blir køyrd ut i vatnet og kan transportere båtar opp på land utan omlasting.

– Ei slippløysning med bruk av Sublift vil i praksis fører til at båtane vert køyrd til ein fast spyleplass/reingjeringsplass før vidare plassering på land. På denne spyleplassen vil oppsamlingstankar bli laga til slik at miljøkrav kan oppfyllast.

– Ein Sublift vil dessutan gje ein meir fleksibel og god løysing for opptak av båtar generelt, i tillegg til at kapasiteten knytt til båtopptak aukar, forklarar seilforeninga i søknaden.

Snudde innstillinga

I formannskapet tysdag snudde politikarane administrasjonen si tilråding om ikkje å løyve ein kommunal garanti på 1,8 millionar kroner.

– Vi har hatt som ein policy at vi har vore relativt velvillige frå politiske miljø, i motsetning til administasjonen.

– Vi fremjar difor alternativt framlegg til vedtak og vil gje dei kommunal garanti slik at dei kan få betre lånebetingelsar.

– Vi har hatt eitt tap med kommunal garanti med Vildmarken Golfklubb, men denne saka virkar å vera godt fundert og risikoen som relativt liten, forklarte Terje Søviknes (Frp).

Vil følgje med

Terje Sperrevik (TvS) støtta Søviknes i å gje kommunalgaranti.

– Eg stør snuing av vedtaket, men vi bør vel få rekneskap undervegs slik at vi veit korleis det går, påpeika Sperrevik.

Den praksisen har allereie kommunen, men i kva grad den blir følgd opp var meir varierande.

– Vi har vedtak på at dei som har fått kommunal garanti skal sende inn rekneskap, men det er litt ulik praksis på i kva grad dei gjer det.

– Administrasjonen purrar ikkje på det, men blir varsla frå banken om det er misleghald.

– Vi forventar òg at dei som har fått garanti tek kontakt med oss om det skje noko. Det å sitta å lesa rekneskapen til dei har ikkje stor verdi for administasjonen, svara økonomisjef Inger Karin Kaalaas.

Ville tenkje meir på det

Arbeiderpartiet var ikkje like sikre på om dei ville støtta dei andre partia i å snu saka.

– Vi går for administrasjonen sitt framlegg enn så lenge. Vi vil tenkje litt meir på det.

– Ut frå papira ser det ut som dei har rygg til å bera det sjølv. Spørsmålet blir då om vi ikkje skal hjelpa dei som treng det meir, sa Kristin Haukeland (Ap).

– Vi hjelper dei berre til å få betre lånebetingelsar. Eg støttar òg Sperrevik i at vi skal ha vedtak om at dei skal senda inn rekneskap, kommenterte Espen Aspenes (Frp) Arbeiderpartiet sitt utspel.

Fleirtalet i formannskapet på sju representantar (Frp/H/V/TvS) gjekk inn for å støtta søknaden om kommunal garanti. Saka må òg handsamast i kommunestyret 3. mars.

Fleire saker