Sport | 03. juli 2011

Robin i pokerfinale

Turen til Riga blei lønsam for Søre Neset-spelar Robin Hjertnes.

Robin i pokerfinale
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. juli 2011 21:04

Tre osingar sette seg på flyet til Riga for å få med seg Bet24 si store pokerturnering på fasjonable Royal Casino Spa & Hotell i den latviske hovudstaden.

To av dei, Robin Hjertnes og Daniel Humlen Halhjem, for å spela, den tredje, Arne Veim Haugland for å sjå på.

– Eg har spelt poker i Riga før, men ikkje i turnering. Dette var gøy og veldig spennande, seier Søre Neset-spelaren Robin.

– Spør han kven som har lært han å spela poker, ler fetter og Os-spelar Torkel Hjertnes då vi intervjua den nye pokerstjerna i ein kort pause på jobb i Osbadet i dag.

Topp 10 av 110

Turneringa var den største Bet24 kjører i år og førstepremien var på heile 25.000 dollar.

Blant dei 110 deltakarane, som anten hadde kvalifisert seg eller kjøpt seg inn i tuneringa, vann Robin seg veg heilt til ein av dei 10 plassane ved finalebordet.

– Fredag spelte vi frå klokka 16 til 2-3 om natta. Dei som var vidare frå fredagen starta i 13-tida laurdag.

Halhjem ramla av midt på dagen og hamna med det på rundt 30. - 40. plass. Robin blei sitjande utover kvelden.

På 6. plass

Det sat 10 og 10 spelarar ved borda. Talet på bord blei redusert etterkvart som spelarar tapte og nye blei fylt på for å halda talet rundt 10.

Då det sto 10 spelarar igjen blei det rigga til finalebord. Dansk TV3 kom på plass for å filma.

– Eg låg ei stund på 3. plass, men så tapte eg litt så eg enda på sjette.

– Det var likevel godt nok til ein fin premie, seier Hjertnes, utan å røpa kor stor summen var.

Vann på å visa bløffen

På spørsmål om det var ei hand eller to han hugsar betre enn andre, svarer Robin at ein dobbel ess lønte seg ekstra godt den eine gongen.

– Motspelarane trudde at eg bløffa. Eg vann ein del på ein bløff i ein tidlegare runde, og viste då at eg eigentleg ikkje hadde kort. Dette skåra eg nok på då eg endeleg fekk kort, for det hamna pengar i potten og dei følgte meg eit godt stykke.

Robin seier han har spelt poker ein del på nett sidan han gjekk på gymnaset, og at mange av kameratane hans også er ivrige i periodar.

– Det er mange pokerspelarar i Os, det er synd det ikkje har blitt lovleg i Noreg.

Taper litt - men ikkje på poker

– Med mykje speling blir det vel ein del tap òg?

– Nei, lite. Dei gongane eg taper pengar på spel så er det om eg bommar på oddsen, i poker blir det for min del lågare innsats, seier Robin Hjertnes, som i midten av juni gjekk godt i pluss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.