Lokal | 03. mai 2012

Robotar med best russebil

Fembots stakk av med førsteplassen i Midtsiden si kåring av beste russebil i Os i 2012.

Robotar med best russebil
Årets beste russebil i Os 2012: Fembots. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. mai 2012 08:36

Bildeserie:

Med eigne jakkar og kompressor på taket ruvar Breaking Bad i Os-flokken. (Foto: KVB)
Med eigne jakkar og kompressor på taket ruvar Breaking Bad i Os-flokken. (Foto: KVB)
Fnattbussen, inspirert av Harry Potter, er klar til å slepa hekser og trollmenn om bord. (Foto: KVB)
Fnattbussen, inspirert av Harry Potter, er klar til å slepa hekser og trollmenn om bord. (Foto: KVB)
Lars Sine Høner vann premie for høg partyfaktor. (Foto: KVB)
Lars Sine Høner vann premie for høg partyfaktor. (Foto: KVB)
Gutar med cowboy-tema og eige kjøkken om bord. (Foto: KVB)
Gutar med cowboy-tema og eige kjøkken om bord. (Foto: KVB)
Jentene på Pure Pleasure. (Foto: KVB)
Jentene på Pure Pleasure. (Foto: KVB)
Army of Eight: Inspirert av dataspel. (Foto: KVB)
Army of Eight: Inspirert av dataspel. (Foto: KVB)
Lipåstick Jungle. (Foto: KVB)
Lipåstick Jungle. (Foto: KVB)
Eirik og Giuliano frå KinCalling kuppa kåringa. (Foto: KVB)
Eirik og Giuliano frå KinCalling kuppa kåringa. (Foto: KVB)
Slapp av, det er to jenter tl på bilen (om du kom ut av tellinga). (Foto: KVB)
Slapp av, det er to jenter tl på bilen (om du kom ut av tellinga). (Foto: KVB)
Playmobile har eige ballrom om bord. Nett som på ferjo. (Foto: KVB)
Playmobile har eige ballrom om bord. Nett som på ferjo. (Foto: KVB)
1 av 10

I dag og fredag reiser flesteparten av Osrussen til Stavanger, Ålgård og Kongeparken for årets høgdepunkt i russefeiringa. I går samla vi nesten alle russebilane i Os på Kuventræ til kåring av årets russebil.

Det blei gjeve premie til bilen med best interiør, høgast partyfaktor og best i alt/årets russebil. I tillegg kom Eirik Søfteland og Giuliano de Monaco frå bandet KingCalling opp frå øving i rockeklubben. Dei gav premie til beste namn/konsept.

Desse vann premie:
• Lars Sine Høner - høgast partyfaktor
• Pure Pleasure - beste interiør
• Better Than Cheesecake - beste namn/konsept
• Fembots - beste bil

Felles for dei aller fleste var god lyd, mange hadde også kule lyseffektar. Ein av bilane skilte seg ut på lyd, med stort anlegg og kompressor på taket er Breaking Bad godt eigna til å laga fest også på utsida av bilen. Men mange av dei andre bilane hadde langt betre lyd for dei inne i bilen, derfor var ikkje dette anlegget åleine nok til å klatra til topps.

Bil for bil, pluss og minus:

BREAKING BAD
+ God lyd ut bakdøra, integrert vinskap i bildøra, eigne kule jakkar og lettmetallsfelgar.
- Det skal stå brennevin i vinskapet på ein gutebil, ikkje vin. Setene var gode å sitja i, men ser ut som om du er på besøk hos oldemor.

FNATTBUSSEN
+ Plass til å sova baki.
- Anlegget er øydelagt og bilen har låg partyfaktor inni, ser ut som ein original bubil.

LARS SINE HØNER
+ Stor og god sitjeplass inne i bilen, bilen er allerei prega av ein festleg start på russetida, god lyd og eigen låt laga av DJ Andreas Åvitsland.

FEMBOTS
+ Inspirert av Austin Powers, 2 jakkesett til medlemmane, bra lys og lyd, takhøde til å dansa inne i bilen, seng bakerst, kult interiør.
- Litt for pikerom-søt?

BETTER THAN CHEESECAKE
+ Inspirert av 50-talet, då pinup-jenter blei kalla betre enn ostekake, kult opplegg og namn, stor kjølebag som går på 12V, jentene har trekt heile bilen innvendig om i skai på 1 månad.
- Det er kaldt å kubba på kvit skai ...

TRUE GRIT
+ Eige kjøkken med brennar og kjøleskap. Eigen låt!
- Få sitjeplassar og ... cowboy-tema.

PURE PLEASURE
+ God lyd, gjennomført interiør og "orgasmegaranti" med bass under setene.
- Litt for heimekoseleg.

ARMY OF EIGHT
+ Gjennomført. Gode sete og kule masker.
- Inpirert av dataspel.

LIPSTICK JUNGLE
+ Kul plysj i taket og gode sete.
- Tja, litt kjip?

(20) 12 JUR PÅ TUR
+ Kult namn og stilig med kunstgras som golv i bilen.
- Sjølv om du er raud-russ har du ikkje lov å stela oldemor sine raudrutete gardiner. Bakerste benk er høg og hard, elles fint interiør.

PLAYMOBILE
+ Sosial sitjegruppe. Har 1000 ballar a la ballrom for ungar. Kan bli gøy (kan også bli teit).
- Innreia som eit barnerom.

Vi takkar for oppmøte og deltaking og ønskjer Osrussen god tur til Kongeparken!

Midtsiden si side på facebook lastar vi torsdag ettermiddag opp fleire bilde frå kåringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.