Kultur | 30. mars 2012

Rock N LoL 2012

Bergens beste, Søfteland Rock N LoL, slepp dei tre første.

Rock N LoL 2012
Datarock fekk det til å koka på Søfteland i 2010. I år kjem dei tilbake. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. mars 2012 07:23

Søfteland Rock N LoL, som i fjor blei kåra til bergens beste festival, går i år av stabelen 6. og 7. juli.

Eitt nytt band og to gledelege comeback: Datarock, John Olav Nilsen og Gjengen og El Caco kjem til Søfteland Rock N LoL 2012. Dette er dei tre første banda arrangørane røper.

Datarock, som avslutta 2010-festivalen på Søfteland med enorm oppslutnad frå publikum, blir eit gledeleg gjensyn for mange.

– Dei som var på festivalen vår i 2010 hugsar regnet, gjørma og den sinnsjuke stemninga som var då Datarock storma inn på scenen og drog i gang det som kanskje er den konserten som har gjeve best respons på Søfteland til no. Vi har blitt bedt av mange å få Datarock tilbake, og vi har lytta. Dette gler vi oss veldig til, seier festivalsjef Adreas Lindborg.

VIDEO: Sjå Datarock "Fa Fa Fa"-galskap på Søfteland nedst i artikkelen. (Foto: Varde Media)

Verdsmeister

Bergensbandet Datarock starta karrieren sin for 11 år sidan med hjelp av den unge gründeren Mikal Telle, som også har hjelpt fram artistar som Røyksopp, Kings of Convenience, Annie, Fjorden Baby! og John Olav Nilsen & Gjengen.

Sidan den gang har DATAROCK spelt over 800 konserter i 35 land på hele 5 kontinenter.

Dei kler også namnet sitt, dei er det bandet i verda (!) med låtar i flest marknadsleiande videospel.

Heile 22 spel har musikk frå Datarock frå Bergen; blant anna Fifa '10, Sims 3, Need For Speed og gigantiske iPad- & iPod-spel som Tap Tap Radiation og Tap Tap Revenge 3.

John Olav tilbake

Eit gledeleg gjensyn blir det nok også med John Olav Nilsen & Gjengen, som spelte sin første konsert utandørs nokosinne då dei gjekk på scenen på Søfteland i 2009, og som har gjort ei fantastisk karriere i etterkant.

– John Olav hadde ein vannvittig konsert hos oss i 2009 og det har jo tatt heilt av for han etter det. Eg synes det er veldig digg at han vil tilbake og trur tida er rett for det no, tre år sidan sist.

John Olav Nilsen & Gjengen platedebuterte i 2009 og fekk gullplate for over 15.000 selte av "For sant til å være godt", som dei også fekk Spellemannsprisen for i klassen rock. I februar i fjor kom andrealbumet, "Det nærmeste du kommer", som dei også blei nominert til Spellemannsprisen for.

I februar i år gav bandet ut EP-en "Vinterkarusellen" med Nils Bech.

Spansk banditt

El Caco betyr "tjuven" på spansk. Bandet er ikkje spansk, men består av ein gjeng musikarar frå Lillestrøm. Bandet blei stifta for 14 år sidan og har gjeve ut seks album. Dei kjem til Søfteland for første gong i år.

– El Caco er ikkje nytt band for oss, vi har lytta mykje til dei og El Caco er eit band som vi alltid har hatt lyst å ha her heilt sidan første festival i 2008. Men så har det ikkje blitt til før no. Bandet får veldig gode kritikkar for musikken sin, eg gler meg veldig til å sjå dei LIVE på Søfteland, seier Lindborg.

Bandet er mest kjent for songen "Substitute" frå albumet The Search. El Caco kom i år med sitt sjette album, "Hatred, Love & Diagrams".

Tidleg festival i år

Den sjette rockefestivalen i rekkja blir i år arrangert noko tidlegare enn vanleg, fredag 6. og laurdag 7. juli.

– Vi passar på å ikkje krasja med Tysnesfest. Dei igjen justerer seg nok etter Skånevik, fortel festivalsjef Adreas Lindborg.

Skånevik har same dato som Rock N LoL, Tysnesfest kjem helga etter.

– Vi kunne tatt helga 21. og 22. juli, men sidan eg og William blir opptatt med Springsteen-konserten 24. juli så blei den helga utelukka i år.

Brørne Lindborg jobbar for Hundvin Management, som driv support for konsertarrangørar og artistar, blant anna i Bergen.

Meir om festivalen/bilde og film frå i fjor:
Midtsiden samleside – Søfteland Rock N LoL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.