Linda og dottera Hanne Catrine i luka på det som skal bli den nye Er-An Veikro. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Rocka veikro-utviding

Tredoblar med diners og rock 'n' roll på Røykenes: Sånn blir nye Er-An Veikro.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter over 20 år i drift utvidar Er-An Veikro med diners og rock 'n' roll-kro i eige nybygg. 

– Vi treng meier å by på, sa Linda Andersen dagen før sesongstart på Er-An Veikro våren 2011, utan å røpa meir av planane.

No blir det heilårsdrift i nytt bygg når Linda og dottera Hanne Catrine tredoblar storleiken i nybygget som skal stå klart til påske.

Den førre kiosken var på 80 kvadrat og hadde 4 bord under tak, den nye er på 270 kvadratmeter og får plass til cirka 90 gjestar.

– I tillegg får vi ein stor terrasse ned mot vatnet, utvida meny og scene der vi kan ha livemusikk, fortel Linda.

Tomtekjøp og omregulering

I forkant av utvidingsarbeidet har Andersen sikra seg ei nabotomt. I sommar fekk ho gjennom ei omregulering som opnar for næringsdrift på heile tomta hennar på Røykenes.

– Det var utslagsgjevande for at vi i haust sette i gang.

– Men alt skal ikkje bli parkering?

– Vi treng ein del parkering med det vi skal til med. Vi er ein typisk stoppestad for bilklubbar og mc-klubbar, men vi har også nokre planar som eg førebels ikkje vil ut med.

Uforklarleg vekst

Linda har med seg dottera Hanne Catrine på nysatsinga. Hanne Catrine har jobba på kroa sidan ho var 13 år, også ved sidan av skulegang.

– Om ikkje eg hadde tatt tre å på drama så hadde det b litt kokkefag. Eg har alltid likt meg godt på kroa og ser fram til å jobba vidare med heilårsdrift i nytt bygg, seier Hanne Catrine.

– Hadde det ikkje vore for at Hanne Catrine er med meg så ville vi ikkje ha utvida, seier Linda.

Parallelt med planlegging og rive- og byggearbeid har Linda og Hanne Catrine fått tydelege signal på ein god marknad for den komande nye kroa.

– Vi har hatt vekst kvart år, og dei siste åra har det vore ekstra stor vekst. Salet av burgarar gjekk åleine opp med 30 prosent frå 2011 til 2012.

Henta inspirasjon i USA

Det blei tidleg bestemt at den nye kroa skulle vera inspirert av USA og rock 'n' roll frå 50- og 60-talet.

– Det blir ein kombinasjon mellom diners og rock 'n' roll-kro, med mange effektar i både møblar og dekor.

Då Linda og Hanne Catrine med venar følgte delar av ORBO & The Longshots sin turné i USA i sommar, var det ikkje berre musikkopplevingar som var målet.

– Vi var innom ein haug med diners, der vi såg oss om, tok notatar og tok ein haug med bilde.

Jukebox og Jawa

Nybygget skal stå klart til innreiing 1. mars og Linda og Hanne Catrine har bestilt spennande innreiing og fleire effektar.

– Frå USA kjem ein jukebox, som er kopi av same jukebox Elvis hadde, men med moderne teknologi. Ein frå Ålesund, som for nokre år sidan var på auksjon og kjøpe den første plata Roy Orbison spelte inn i Sun Studio, har lånt oss denne fot fotografering. Bildet skal dekorera fleire av borda i restauranten. 

Sjølv har familien ein 59-modell scooter av merket Jawa, som skal stå utstilt på den nye veikroa.

– Vi har fått fleire epostar frå folk som har effektar dei vil gje oss, og vi tar gjerne imot fleire, om nokon har noko dei meiner passar inn, som dei vil gje vekk eller låna vekk.

Spareribs og pannekaker

Også til menye har mor og dotter Andersen henta inspirasjon frå USA.

– Vi kjem naturlegvis til å halda på den populære burgaren og softisen vår, men supplerer med ein stor restaurantburger, fiskerettar og biff. Vi veit mange osingar er glade i biff, så det skal dei få.

Endå meir amerikansk blir det også.

– Spareribs og pannekaker hører naturlegvis også med, stadfestar Linda.

Duka for livemusikk (og utepils?)

Til nye Er-An Veikro har Andersen søkt om skjenkeløyve.

– Vi bygger eit platå som skal få fleire sitjegrupper, men som fint kan brukast som scene både inn mot restauranten og ut mot den store terrassen vi skal bygga ut mot vatnet.

– Får vi skjenkeløyve blir det fleire kveldar med livemusikk gjennom året, seier Linda, som allereie har booka det kjente rockabillie-bandet Twang Gang til opningshelga.

Fleire saker