Kultur | 21. des. 2013

Rockar jula inn

Etter eit sidesprang med Bergen i fjor er julerocken tilbake i Os når rockeklubben opnar dørene laurdag kveld.

Bömbers er klar til å rocke jula inn i Rockeklubben (privat foto)
Andris Hamrelørdag 21. des. 2013 08:24

Laurdag arrangerar Os Rockeklubb den tradisjonsrike julerocken igjen.

– I fjor blei den avlyst då "Os Rock City goes Garage" kom såpass nære jul at vi ikkje hadde kapasitet til båe arrangementa.

– Men i år er vi tilbake, betre enn nokon gong, smilar Andreas Lindborg.

– Kor mange gonger har de arrangert julerocken då?

– Det har eg faktisk ikkje svar på.

– It goes way back, men har blitt arrangert på forskjellige utestader rundt i bygda. Det er berre dei siste åra vi har hatt det i rockeklubben på Kuventræ, fortel Lindborg.

Juleband og Bömbers

På scena i rockeklubben står Motörhead tributebandet Bömbers.

– Bömbers består av tre av ringrevane i Os Rock City - Abbath frå Immortal på bass og vokal, Tore Braseth frå The Batallion/Old Furneral på gitar og Pez frå Punishment Park/Jef på trommer.

– I tillegg kjem det eit juleinnslag frå julebandet de skreiv om i fjor.

– Det er berre å komma seg opp på Kuventræ i kveld når det brakar laus frå klokka åtte, reklamerar Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.