Skøyter | to timar sidan

Røde Kors skal kasta lys over isen igjen

Hjelpekorpset skal testa utstyr. Dei vil samtidig skapa stemning for dei som er på isen.

Røde Kors skal kasta lys over isen igjen
På Banktjørn i januar 2024. Måndag blir det lyssøyle på Ulvenvatnet. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 01. feb. 2026 13:21

Hjelpekorpset i Os Røde Kors vil på isen med lyssøyla si igjen, ei rundt 5 meter høg pølse med katastrofebelysing er del av utstyrsparken deira.

Både i 2021 og 2024 var det mange som samla seg rundt lyset på Banktjørn.

Denne gong er det Ulvenvatnet som står for tur, ved Os Roklubb, rett nedanfor Røde Kors-huset.

– Vi er fem-seks frå hjelpekorpset som stiller. Lyset blir tent klokka 18, seier Cecilie Baggen frå Os Røde Kors.

– Folk har spurd oss om ikkje vi kan ta ut dette lyset igjen, no når forholda er så fine. Det er fint for oss å både testa utstyr og beredskap, og å vera med på å gjera skøytekvelden litt lysare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?