Lokal | 27. sep. 2019

Røde Kors skal kursa Røde Kors

I helga blir det mykje aktivitet rundt Ramsholmen når 15 Røde Kors-mannskap skal bli kvalifisert for redning i sjø.

Røde Kors skal kursa Røde Kors
På laurdag og søndag vil denne båten og Røde Kors-mannskap driva med øving i området rundt Ramsholmen. (Foto: Frank Baggen) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 27. sep. 2019 07:57

– Hordland Røde Kors skal ha ei større øving i Os helga. Publikum treng difor ikkje bli uroa om dei ser Røde Kors-båten og personell langsmed sjøen laurdag og søndag.

Dette fortel Ivar Nilsen frå Os Røde Kors.

– I tillegg til Hordaland Røde Kors sin båt vil det nok vera fleire båtar i aktivitet i området. Det vil òg vera mannskap som driv med søk frå land, seier Nilsen.

Skal kursa 15

Nilsen fortel at det er totalt 15 Røde Kors-medlemmer som skal kursast i helga.

Fem av desse tilhøyrer Os Røde Kors, mens resten kjem frå ulike lokallag i Hordaland.

– Øvinga startar med svømme-test i Ulvenvatnet i ettermiddag, før vi held fram med to tettpakka dagar ved Ramsholmen laurdag og søndag.

– Når dei 15 deltakarene avsluttar kurset søndag kveld, skal dei alle vera kvalifiserte i sjøredning, avsluttar Nilsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.