Røde Kors styrkar utrustinga på ny ATV
I helga fekk sponsor lufta seg, no jobbar dei med neste utstyrspakke.


Våren 2020, to veker før koronapandemien kom til Noreg, fekk Os Røde Kors ein ny ATV.
Den kraftige Can-Am 650-en blei vist fram då Røde Kors fekk oppdrag tidleg i pandemien, blant anna med å desinfisera daglegvarekundar.
I førre veke var ATV-en på nye tokt, for å køyra løyper på golfbanen til trening og skirennet laurdag.
– Vi har fått brukt ATV-en på fleire oppdrag, både i Os og under aksjonar andre stadar i bergensområdet, seier Marius Bøe, leiar i Os Røde kors hjelpekorps.
– Men vi ønskte å gjera den rusta for vinterforhold, og sendte ut epost til potensielle sponsorar, der vi informerte om hjelpekorspet, ATV-en og prisen på belte til denne.
Første med belte i området
Etter få dagar fekk dei svar frå Fana Sparebank. Dei ville ikkje berre støtta innkjøpet, dei finansierte heile.
– Vi har støtta ulike lokale prosjekt etter at vi etablerte oss i Os sentrum, og synest dette var eit godt tiltak som kan hjelpa fleire i heile regionen, seier Lise Marlen Scheie.
– Vi har no den einaste 6-hjulingen i bergensområdet med beltedrift, fortel Bøe.

Neste ønskje - båreinnsats bak ATV-en
Ho kom sjølv til Hauge under skirennet, for å møte Røde Kors og sjå ATV-en med det nye utstyret.
Sponsoren fekk òg lufta seg ein tur i terrenget.
– Beltene fungerer fint, og det er ganske enkelt å skifta mellom belte og hjul. Vi bruker rundt ein time å ta på belte, og berre 20 minutt å skift tilbake til hjuldrift, fortel transportleiar og sponsorsjåfør Kristin B. Larsen.
Os Røde Kors er takksame for støtta og glad for oppgraderinga av ATV-en. Men dei ser òg behov for meir utstyr.
– Vi skulle gjerne hatt ein båresats for pasienttransport. Med den rekkevidda vi no har, og det nedslagsområdet vi kan hamna på oppdrag i, er båre noko vi no vil jobba for skaffa midlar til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.