Lokal | 09. jan. 2012

Roleg helg

Politiet har hatt ei roleg helg på andre sakar enn drapsetterforskninga, men har hatt eit par tilfelle av fyrverkeribruk og festbråk.

Roleg helg
Politiet har hatt ei roleg helg med lite bråk (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 09. jan. 2012 10:59

Medan etterforskinga av drapet i Gamleheimshagen har pågått med uforminska styrke i helga har dei øvrige lensmannsbetjentane hatt ei relativt roleg helg.

- I det store og heile har det vore roleg. Nokre tilfelle av festbråk har det riktig nok vore, men ikkje dei helt store tinga, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

- Ein ting vil eg likevel nytte anledninga til å oppmode om, det går på ulovleg bruk av fyrverkeri.

- I den situasjonen bygda er i håpar eg dei som har skutt opp fyrverkeri i helga kan respektera at smella frå dette kan virke skremmande nett no.

- Eg vil difor be dei akseptera det forbodet som er mot å bruke fyrverkeri, avsluttar Sperrevik som minnar om at det kun er på nyttårsaften det er lov å sende rakettar mot himmelen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.