Lokal | 23. juli 2011

Roleg i regnet

Det skrale sommarvêret gjer at mange båtar ligg i bryggene. Men når sola kjem er det kamp om å leiga kano, kajakk og skjergardsjeep.

Roleg i regnet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. juli 2011 06:20

– Førre sommar var dårleg, det ser denne også ut til å bli. Men vi har langtidsleige på 2-3 av dei 5 båtane våre, så sesongen blir ikkje så verst, seier Jan Frode Skeie hos Os Båtutleige.

Os Båtutleige, som har brygge i moloen på Haugsneset ved Os sentrum, leiger ut skjergardsjeepar og daycruisar. Dei merkar stor pågang med ein gong det er gode vêrmeldingar.

– Dei fleste kundane er osingar og folk med hytte i Os. Dei har gjerne båt frå før, men vil ha noko raskare i finvêret, kanskje for å stå på vannski, derfor leiger vi også ut med vannski.

Nokre kundar vil ut å fiska. Dei er ikkje like opptatt av at det skal vera solskin.

Mange ledige kanoar og kajakkar

Hos Er-An på Røykenes har det vore utleige av kanoar sidan første halvdel av 70-talet.

– I ein god sesong leiger vi ut kanoar for rundt 130.000 kroner. I år blir det nok knappe 80.000, trur Erling Andersen.

Kapasieteten er god, Erling har 20 kanoar, 3 robåtar og 2 kajakkar for utleige på Røykenes.

– Dei siste vekene før sommarferien hadde vi tidlegare mange skuleklassar på tur, men dei siste åra har det blitt mindre av det òg.

På Bunnpris Vedholmen i Søre Øyane har det vore utleige av kajakkar i fleire år. Inglaug Brimsholm har 10 kajakkar, både raske for dei kresne og enkle for nybyrjarar, men denne sommaren har båtane vore lite på sjøen.

– Det har med vêret å gjera, som resten av butikken. Vi kan selja for 10.000 kroner i is den eine dagen, berre 1000 den neste, og denne sommaren har vore dårleg både for kajakk og is, fortel Brimsholm.

Kva kostar det å leiga båt?

Å leiga båt der du sjølv er motoren er nesten gratis. Samstundes er dette båtar som kostar lite og får lite slitasje.

Båtar med motor er naturlegvis noko dyrare å leiga, men vil du berre ha båt ei veke eller tre per år, og ikkje vil ta kostnaden med båtplass og forsikring, kan det kanskje vera eit praktisk og lønsamt alternativ.

Kanoane på Røykenes blir leigd ut for 125 kroner for 6 timar. Det går også an å leiga for lengre tid, om du for eksempel vi ta ei teltovernatting eller to innover langs den 5 kilometer lange padleturen innover i Haugsdalen.

Vedholmen leiger ut kajakkar for 300 kroner per døgn. Også dei leiger ut for helg eller lengre periode.

Os Båtutleige har båtar frå 14,4 fot lange Askeladden 445 med 50 hestekrefter til Dynamic 620 med 115 hk. Prisane ligg mellom 1000 og 1500 kroner per dag, men det går også an å leiga for helg (2000-3500 kroner), veke (2900-5900 kroner) eller månad (til avtalt pris).

Og kor tid kjem sola? Tysdag, ifølgje Yr.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.