Lokal | 11. sep. 2009

- Roleg og god valkamp

Nils Olav Nøss fortel om god stemning for fire nye år med Jens som statsminister. Sjølv skal han vera på vidda på valdagen.

- Roleg og god valkamp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. sep. 2009 11:10

- Det har vore ein roleg valkamp, både for min del og i den politiske diskusjonen, seier gruppeleiar for Os Arbeiderparti, Nils Olav Nøss.

Sjølv har han vore to veker offshore under valkampen. I tillegg meiner han at dei borgarlege partia har fått fokuset vekk frå politikken, og med det truleg gjort den sitjande regjeringa ei teneste.

- Dessverre har valkampen handla lite om politikk, til fordel for diskusjon om regjeringsalternativ. Denne diskusjonen har dei borgarlege heldt liv i, sidan dei ikkje har stått fram med eit klart alternativ, og det trur eg kjem til å telja i vår favør. Vi har eit alternativ, seier Nøss.

- Eg merkar stor forskjell på valkampen i 2001 og i år. Tilbakemeldingane på stand har vore svært gode, folk er nøgde med Stoltenberg som statsminister.

Heilt på vidda
Nøss, som felte sin første hjort for to år sidan, er framleis ivrig jegar. I natt var han på jakt i Øvredalen, valdagen er han på Hardangervidda på rypejakt.

- Jaktkameratane mine såg hjort i natt, men det blei ikkje felt noko. Måndag blir det rypejakt, og valkamp på radio, seier Nils Olav, på veg heim for å lada batteria til radioen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.