Lokal | 29. des. 2018

Romjulsprat med Marie Lunde Bruarøy

Kva er det med Madonna? Kven vil ho gje pengar til? Har ho lang lunte?

Romjulsprat med Marie Lunde Bruarøy
Varaordførar Marie L. Bruarøy er dagens gjest i Romjulspraten. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 29. des. 2018 09:56

Vi har hatt ein prat med eit knippe kjente ansikt i Os, basert på formatet på «Fredagsportrettet», som var fast spalte på Midtsiden for 15 år sidan. Gjennom romjula byr vi på nye intervjuobjekt kvar dag. Varaordførar og frisør, Marie Lunde Bruarøy er dagens gjest.

Om Midtsiden spanderte reisa, kor ville du tatt turen (ein stad du ikkje har vore før)?

– Åh! Utan tvil USA. Ein tur langs Route 66 - i ein cabriolet saman med Per Henrik, mannen min. Ungane vore skulle fått lov til å vera heima med besteforeldre akkurat då.

Gi 100.000 kroner til veldedig formål. Kven får pengane?

– Eg vart inspirert av eit program eg såg på TV2 nyleg, som heit «Håp i ei gryte». Eg hadde vald å gje pengane til Frelsesarmeeen, og det arbeidet dei gjer for å bekjempa barnefattigdom i Noreg. Det skal ikkje vera slik at nokon ikkje skal få vera med på ting fordi dei er fattige.

Du skal vera éin månad åleine på ei aude øy. Det kjem forsyningar med mat og vatn, kva tre ting tar du med?

– Kniv. Myggnetting. Lighter. Ferdig arbeid!

Kva er det finaste bygget i Os?

– Har du god tid?

– Nei, eg vil svara kjeglehallen på Skorpo. Den er utruleg spesiell.

Kva veg skal dorullen henga, med papiret ut frå veggen eller nærmast veggen?

– Ut frå veggen. Og eg snur den konstant rett veg. Uansett kor eller kven eg er hos.

Inviter tre kjendisar til middag. Kven får koma?

– Elvis, for musikken sin del. Madonna skulle få vera der for å tipsa meg om korleis vera tilsynelatande evig ung. Og Arnold Schwarzenegger, slik at eg hadde noko å flira av. Han kunne sagt noko, og så skulle eg prøvd å imitera han.

Kven ser du opp til?

– Eg har ein kunde, ei vaksen dame på 96-97 år. Fram til nyleg tok ho bussen inn til timane sine hos meg i salongen. No vert ho køyrt, men framleis er ho godt oppdatert på verda, ho har nyleg vore i USA, og ho er rett og slett ei imponerande dame. Eg har sjølv sagt til ho - at eg vil bli som henne når eg kjem i den alderen; oppdatert, klar og framleis oppteken av korleis ho ser ut.

Kor tid blei du sist sint, og kvifor?

– Ha! Det er ikkje mange minutta sidan. Det var nokon som ikkje heilt tok dei 18 beskjedane om frukost først - så julepynting.

– Eg skal lett innrømma at eg fyrer meg lett opp, og dette kan nok Per Henrik skriva under på, men så er eg dobbel så rask til å landa att. Eg er aldri langsint, men lunto er kanskje litt kort.

Kor tid var du fysisk mest utmatta?

– Eg hadde ei oppleving under valkampen i 2015 som slo meg heilt ut. Vi var på stand i Os sentrum, og ved sida av oss stod Sprek & Blid med ei romaskin. Då vart det jo politikarduell då… Dei første minutta gav eg alt. Dei siste 45 sekunda gjorde at eg brukte 40 minutt på å koma meg på beina att. – – Null oppvarming, og garantert på tom mage var eit heller dårleg utgongspunkt. Snakk om å ro seg i grøfta! Skuffande var det òg.

Om du skulle hatt eit anna yrke, kva skulle det vore?

– Eg ville då blitt lærar - i ungdomsskulen.

Kva musikar eller band ville du helst gått på konsert med?

– Om eg hadde fått sett bandet Live, med Ed Kowalczyk i front, hadde eg vore nøgd. Og med det forlet Bruarøy intervjuet for å setja på stereoanlegget…

Kva bok las du sist?

– Vittig nok boka om Tysnesfest. Fekk ho i gåve som takk for ei teneste. Ei kjekk bok om ein kjekk festival.

Anbefal ein god film eller serie

– Eg vart veldig glad i serien «Lykkeland». Eg må seia det var litt trist når serien var slutt. Det er ulempa med filmar og seriar. Du har jo alltid lyst til å veta meir om korleis det går med karakterane du etterkvart har blitt så glad i.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.