Lokal | 01. jan. 2019

Romjulsprat med Nils-Anders Nøttseter

Kor vil han reisa? Kan du flørta på bussen? Kven vil han gå på konsert med?

Romjulsprat med Nils-Anders Nøttseter
Nils-Anders Nøttseter rundar av Romjulspraten. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 01. jan. 2019 10:59

Gjennom romjula har vi hatt ein prat med eit knippe kjente ansikt i Os, basert på formatet på «Fredagsportrettet», som var fast spalte på Midtsiden for 15 år sidan. Siste gjest i denne serien er lokalpolitikar, Nils-Anders Nøttseter.

Om Midtsiden spanderte reisa, kor ville du tatt turen (ein stad du ikkje har vore før)?

– Eg har reist såpass mykje i jobbsamanheng, så eg bør eigentleg reisa mindre. Orda «seglbåt til Karibia» kling fint i mitt hovude. Men eg vil jo ha med kona mi, Lisa, og ho er ikkje så gira på seglbåttur, så kanskje Mars kunne vore noko?

Gje 100.000 kroner til veldedig formål. Kven får pengane?

– Då vil eg gje til to ting; Leger Uten Grenser og til ein «Give Well-organisasjon». Då veit du at pengane kjem til nytte, utan svinn på vegen.

Du skal vera éin månad åleine på ei aude øy. Det kjem forsyningar med mat og vatn, kva tre ting tar du med?

– Kindle (digital bok). Ein ven - om eg får lov? Du seier eg skal vera åleine, men eg vil ha med Lisa, kona mi. Og så ein laptop, og internett, takk.

Kva er det finaste bygget i Os?

– Med heile settinga rundt seg; den eldste delen av Solstrand. Her snakkar vi ein heilt eigen æra og stemning.

Kva veg skal dorullen henga, med papiret ut frå veggen eller nærmast veggen?

– Ut frå veggen - og ja, eg snur den om eg må.

Inviter tre kjendisar til middag. Kven får koma?

– Leonardo da Vinci. Snakk om å vera forut i si tid! Så ville eg hatt ein av dei store filosofane. Eg tenkjer Sokrates kunne vore basis for ein god dialog.

– I fare for å miksa i hop eit reint herreselskap, det vert jo fort slik om ein berre går for historiske karakterar, så vil eg toppa det med Lisa. Det var faktisk filosofiske samtalar på bussen til Bergen som i si tid var med å gjera oss til eit par. For dei andre passasjerane på bussen må det ha vore noko smal form for flørting, men det vart mange gode bussturar med djup og god prat.

Kven ser du opp til?

– Folk som ofrar av seg sjølv for å hjelpa andre, og folk som gjer noko for fellesskapen.

Kor tid blei du sist sint, og kvifor?

– Sjølv om det er slitsamt, så følgjer eg mykje med på kva som skjer i Trump-etterforskninga i USA. Det gjer meg jamnleg sint. Her er det så mange som på godt norsk «drit i demokratiet», og hoppar bukk over det vi andre held så høgt.

Kor tid var du fysisk mest utmatta?

– Osløpet i 2017 var tungt. Eg varma opp med å springa stafett, og så var det rett i 7 kilometer med løp. Stafett har nok aldri vore ein måte å varma opp på.

Om du skulle hatt eit anna yrke, kva skulle det vore?

– Eg har ein greie for politiyrket. Det er noko i meg som seier at eg kunne ha likt det. Men, så er eg ganske så bedageleg av natur, så det hadde nok ikkje blitt noko av. Av og til tenkjer eg å ta ein tur attende til akademia og universitet. Eg elskar heile konseptet rundt universitet, så ei stilling kor eg kunne forska - òg undervist hadde vore utruleg kjekt. Om det ikkje vart noko av, er eg glad i å pussa opp ting, så ein eller annan form for handverkar er ikkje ein dum idé heller.

Kva musikar eller band ville du helst gått på konsert med?

– Bandet Skanksters burde heilt klart samla seg att. Her snakkar vi livslglede i form av musikk!

Kva bok las du sist?

– «21 Lessons for the 21st Century» av Yuval Harari.

Anbefal ein god film eller serie

– Utan tvil «Moonrise Kingdom» av Wes Anderson. Ein nydeleg film!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.