Lokal | 26. nov. 2015

Rømt laks skaper klondike-stemning og konfliktar

– No set eg ut viltkamera for å finna ut kven som flyttar garna mine, seier Richard Walden, som samtidig lurer på om laksen kan etast.

Rømt laks skaper klondike-stemning og konfliktar
Richard Walden fekk bra med torsk, men òg ni laks, då han drog garn i går. Men han liker ikkje at garna hans blit flytta på. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. nov. 2015 13:49

Etter at fleire fiskarar i helga fortalte om storfangst av laks i Bjørnafjorden gjekk Fiskeridirektoraret ut med ønskje om å få rapport om kvar fangst.

Så gjekk oppdrettsselskapet Bolaks AS i Fusa ut og sa at dei betaler 200 kroner per laks som blir levert, sjølv om det ikkje er sikkert at laksen kjem frå deira anlegg.

Dette har tydelegvis fått fleire til å koma seg ut med bruk.

– Dessverre klarer ikkje alle å oppføra seg, seier Richard Walden.

Han hadde sperra to sund mellom Sandholmane med garn, men då han skulle dra garna onsdag sto dei langs land.

– Veit kven syndaren er

Mens han var mellom Sandholmane var nokre andre fiskarar og drog garn som sto same plass som han i utgangspunktet hadde sine eigne.

– Eg spurde kvifor dei hadde flytta garna mine. Først nekta dei, så sa dei at «det er kamp om interessene». Dei hadde fått 52 laks og fôr tilbake til motsett side av fjorden.

Walden er overbevist om at dette var syndarane, og har merkt seg ansikt og båt for eventuell vidare oppfølging.

– No set eg òg ut viltkamera på land der eg set garna mine, for dette finn eg meg ikkje i.

Kan laksen etast?

Trass flytting av garna fekk Richard 9 laks i går og 6 i dag.

– Eg vil heller eta dei enn levera dei, men er usikker på om det er trygt. Enkelte meiner fiske kan vera full av penicillin.

Midtsiden snakka med to fagfolk frå bransjen, som begge vil vera anonym, men som begge seier at dei ikkje ville ha stussa på å eta den. «Penicillin har ikkje vore brukt sidan 80-talet. Om fiske har vore bedøvd i samband med prøvetaking, så gjeld dette gjerne 20 av 200.000 fisk. Du skal vera bra uheldig om du får ein slik, men eg hadde ete den òg» seier ein av dei.

– Viss det er vår fisk så er den trygg

Bolaks AS har, etter at fangstrapportane frå fjorden kom inn, oppdaga eit hol i den eine merden. Det er likevel uvisst om det har vore rømming, og kor mange fisk det i så fall er snakk om.

– Vi har funne eit hol, men det er for tidleg å seia om det er éin eller ti fiskar som har tatt turen. Det er vanskeleg å tru at det er dei store mengdene, seier dagleg leiar i Bolaks AS, Bjørg Mette Holmefjord Antonsen.

– Ein del av fangstane vi høyrer om passar dessutan ikkje med storleiken på fisken i merden vi har funne hol i.

Bolaks gjekk likevel tidlegare i veka ut og sa at dei betalar 200 kroner per fisk levert på Lammaneset.

– Fiskarar har levert både på Lammaneset og på anlegget på Skarvahella. Den totale mengda har eg ikkje oversikt over, men det er fint om dei som vil ha fisken sjølv, også vil rapportera fangsten til oss.

– Er fisken trygg å eta?

– Viss det er vår laks så er den trygg å eta, men eg kan ikkje garantera for all fisken i fjorden, seier Antonsen.

– Er det oppdrettslaks som i periodar ikkje er trygg å eta?

– All oppdrettsfisk som kjem fra eit slakteri, er sunn, god og trygg mat. Om fisk har blitt behandla, så er det strenge krav til tilbakeholdelses tid.

– Eg kan berre svare for kva Bolaks gjer. Behandlingar mot lus og amøbar, som vi har utført på vår fisk no, er ved hjelp av hydrogenperoksyd, ferskvatn eller ved oppvarma vatn, altså ingen kjemiske stoff med tilbakeholdelsestid.

Tar kontrollfiske i Oselvo

På spørsmål om det er tatt oppdrettsfisk i Oselvo denne veka svarer leiar for grunneigarlaget og fagrådet for Osvassdraget, Olav Valle, at han er «lei av at sportsfiskarar skal springa ræva av seg kvar gong det går gale i oppdrettsnæringa».

– Det er dårleg betalt, det er ein farse heile greiene. Dette burde vore eit ansvar stat, fylke eller kommune tok, seier Valle før han viser vidare til utvalet som driv systematisk kontrollfiske i Oselvo etter sesongslutt 15. september.

Johnny Lund seier det førebels ikkje har vore fiska denne veka.

– Det har ikkje vore oppdrettsfisk i elva i haust, så vi skulle til å gje oss med kontrollfisket før dette skjedde.

– Vi som driv kontrollfiske har vore opptatt på jobb på dagtid og om kvelden er det mørkt. Men nokre av oss er tidleg ferdig på jobb fredag, så i morgon blir det fiske.

– Vi veit førebels ikkje om det i denne omgang har gått opp noko. Vi veit ikkje kva straum laksen har følgt, men med så store mengder som er tatt i fjorden er det nok truleg at enkelte av dei har gått i Oselvo òg. Det får vi svar på i morgon.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.