Sport | 04. sep. 2020

Ror for medaljar på heimebane

Ungdomsmeisterskapen i roing vert arrangert i Os i morgon - Os Roklubb stiller sterkt.

Ror for medaljar på heimebane
Trening til UM på Ulvenvatnet onsdag denne veka. I dobbeltfirer, frå venstre Jonas Werkland, Weronika Rygielska, Wiktoria Rygielska og Mathilde Ottesen Hustad. (Foto: Os Roklubb)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 04. sep. 2020 12:19

I morgon er det klart for Ungdomsmeisterskapen (UM) i roing på Ulvenvatnet.

Os Roklubb er arrangør, og det er venta deltakarar frå heile landet.

Då UM vart arrangert på Ulvenvatnet i 2018 deltok 101 deltakarar.

I morgon er det venta nærare 200 deltakarar.

Deltakar frå heile landet

Sissel Lothe Høvik frå Os Roklubb fortel at det har vore ei utfordrande oppkøyring til morgondagens regatta;

– Det er spesielle tider, og med det fokuset som er på smittevern har det vore både utfordrande og krevjande å planleggja arrangementet.

– Det er mykje som takast omsyn til, og til dømes kan vi ikkje ha tradisjonell premieutdeling - her må lagleiarane henta premiane, for så å dela dei ut i si gruppe, eller kohort om du vil.

Der den lokale roklubben tidlegare har nytta Lunde barneskule til overnatting, må dei tilreisande no spreia seg utover hotell og campingplassar i regionen.

– Det er litt kjedeleg at det må gjerast på denne måten, men samstundes er vi utruleg glade for at vi i det heile får til arrangementet. Ekstra kjekt er det jo å sjå at responsen har vore så stor - frå heile landet. I morgon blir vi nærare 200 deltakarar her oppe.

Lothe Høvik legg til at publikum dessverre ikkje kan koma ned på området rundt klubbhuset, men at det sjølvsagt er lov til å heia på frå steinar og knausar rundt vatnet.

Vert det ny gull på jentene?

Lothe Høvik fortel at Os Roklubb vil stilla sterkt på meisterskapen.

– Vi har fleire gode lag med, så vi håpar på medaljar. Kanskje vert det gull på nokre av jentene òg?

Dette fortel Lothe Høvik er dei lokale høgdepunkta under regattaen:

– Like før klokka 15.30 ror Linnea og Andrea DJB 2- (toer uten styrmann). Klassen var ny i UM i fjor, og då vann jentene. I år er det tre lag med, og det blir spanande å sjå om jentene forsvarar gullet fra i fjor.

– Like etter klokka 17.30 skal det roast Mix JB 4x, altså blanda dobbeltfirer for gutar og jenter, og her stiller Os lag. Seks lag påmelde i denne heilt nye UM-klassen.

– Klokka 18.30 ror osingane i Mix JB 8+ (blanda lag i åtter med styrmann). JB klassen er 15-16 års-klassen, og det er utruleg kjekt at Os Roklubb klarar å stilla lag i denne klassen som også er ny i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.