Kultur | 21. apr. 2012

Rørande av Rolv

Filmfestivalen 60 grader Nord opna i dag med tårer og varme tilbakemeldingar til filmskapar Rolv Lyssand Bjørø frå Os. I morgon blir Bjørø-filmen Paradox vist.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. apr. 2012 21:08

Laurdag klokka 12 var det opning av årets internasjonale filmfestival i Os, den 13. i rekkja, men den første som 60 gradar Nord og naturlegvis den første i den nye kulturstorstova til Os; Oseana.

Mange møtte fram for å få med seg opningsfilmen, den eksklusive førpremieren på Luc Besson sin The Lady, filmen om fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi, blant anna 35 eksil-burmesarar som bur i Bergen.

Men mange kom nok òg for å sjå osingen Rolv Lyssand Bjørø sin kortfilm, Skyggelys, som er basert på ei hending i filmskaparen sin barndom, då ein kamerat av han mista mora si. Skyggelys var forfilm til The Lady.

Les òg: Fin Skyggelys-premiere

– Eg har aldri før vore så spent i forkant av ei visning. Både fordi det er i Os, men mest fordi det kjem fleire som kjenner familien filmen handlar om. Det blir spennande å høyra kva dei synes om filmen, sa Bjørø før han gjekk inn i salen, presenterte seg og filmen og sette seg for å sjå den saman med publikum.

– Tøft å gjenoppleva

Skyggelys hadde premiere under i januar, på TIFF (Tromsø International Film Festival), der den også var nominert til pris.

Filmen handlar om barn og døden, om kor vanskeleg det kan vera å møta dei som nettopp har mista sine nærmaste. Bjørø opplevde dette sjølv som 11-åring.

– Den stemninga i huset då vi kom på besøk var heilt spesiell. Det å møte din beste venn utan å veta kva du skulle seia var veldig vanskeleg. Sjølv om dette ikkje er ein dokumentar er det ein del i filmen som er veldig likt det eg opplevde, og den perioden eg jobba med manus hugsar eg som ein periode full av sorg.

– Eg har heller ikkje sett filmen mange gongar etter at den var ferdig, det å sjå den i dag heime i Os var tøft, innrømmer han.

Tårer og ros

Fleire i salen kjenner både Bjørø og familien filmen handlar om. Også for dei blei det tydeleg følelsesladd å sjå filmen, som er så stemningsfull, mest trist, men også litt morosam.

Bjørø står for alt frå manus og regi til klipp og lyddesign.

– Dette er den første filmen eg har laga med fullt crew. Eg brukte også lang tid på castingprosessen, der eg snakka ein del med ungane, eg ville sjå at dei forsto handlinga. Eg var veldig heldig med skodespelarane, ikkje minst hovudrolleinnhavar Sebastian Stanojevic.

Etter filmen var det mykje ros å høyra, både om filmen, regissøren og skodespelarane, frå publikum.

Ny Bjørø-visning søndag

Bjørø fekk også fin omtale på festivalen Minimalen i Trondheim i mars, der han var nominert for kortfilmen Paradox.

Med denne filmen blei Rolv også invitert til ein stor festival i Berlin, der han reiser på torsdag.

Paradox kan du sjå i Oseana søndag klokka i 19.20-tida, også då med Bjørø i salen for å presentera filmen.

Paradox er blant to forfilmar til Supporting Characters, som hadde verdspremiere på Robert de Niro sin filmfestival i New York i dag.

Filmen hausta formidable tilbakemeldingar, så det kan vera verdt å sitja igjen i salen etter visning av Paradox.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.