Lokal | 06. okt. 2014

Rørt til tårer

VIDEO: Engasjementet til osingane rørte NRK-programleiar Haddy N'jie, som fekk Fritz Thaulow-måleri til auksjon.

Andris Hamremandag 06. okt. 2014 15:04

Bildeserie:

Oselvarlaget kom roande til Oseana (foto: AH)
Oselvarlaget kom roande til Oseana (foto: AH)
På brygga sto Haddy N'jie klar til å ta imot dei og ordføraren (foto: AH)
På brygga sto Haddy N'jie klar til å ta imot dei og ordføraren (foto: AH)
Med seg hadde ordføraren ein sjekk på 40 000 kroner frå kommunen (foto: AH)
Med seg hadde ordføraren ein sjekk på 40 000 kroner frå kommunen (foto: AH)
Pluss to bøtter med humrar han auksjonerte bort (foto: AH)
Pluss to bøtter med humrar han auksjonerte bort (foto: AH)
Synne og Maria frå kulturskulen spelte for Haddy og dei vel 100 frammøtte (foto: AH)
Synne og Maria frå kulturskulen spelte for Haddy og dei vel 100 frammøtte (foto: AH)
Det gjorde Hans Marius Johnsen... (foto: AH)
Det gjorde Hans Marius Johnsen... (foto: AH)
...Og Gina Aspenes også (foto: AH)
...Og Gina Aspenes også (foto: AH)
Før Fonos avslutta det heile med Stay with me (foto: AH)
Før Fonos avslutta det heile med Stay with me (foto: AH)
1 av 8

Det har gått slag i slag måndag for frivillig-general Tove Hille og NRK-programleiar Haddy N'jie. Haddy valde seg Os som sin kommune i kommunekampen med dei andre programleiarane. Måndag skulle opptak til bruk på sendinga sundag 19. oktober skytast.

– Det har vore ein fantastisk dag. Vi starta i Lysefjorden, kor elevar frå Lysekloster skule var ute på Lysøen og henta ved dei hadde hogd sjølv.

– Tilbake på kaien sto det svart i folk som ville kjøpa og vi selde raskt for 2000 kroner. Til og med dei to kubbane som hadde ramla ut blei seld, fortel Haddy.

Fekk svinga seg

Frå Lysefjorden gjekk turen til pensjonistforeininga og kafé.

– Der var det full fart og mykje folk. Det heile avslutta med at vi alle saman blei med i leikarringen. Utruleg kjekt, skryter programleiaren, før ho legg til at det blei rekordinnsamling på kafeen.

– Vanlegvis sel dei for om lag 3000 kroner i veka. I dag selde dei for 4500 kroner til TV-aksjonen.

Hummar-auksjon og 40 000 kroner

Rundturen blei avslutta i Griegsamlinga på Oseana med konsert og fleire overrekkingar til aksjonen.

– No håper eg osingane viser kva vi er gode for. På vegne av kommunen forskutterer vi folkeveksta litt og gir to kronar per innbygger, totalt 40 000 kroner, fortalde ordførar Terje Søviknes.

I tillegg hadde ordføraren med seg si eiga gåve til aksjonen.

– No skal eg gjera noko eg aldri har gjort før. I kvar av disse bøttene ligg det fire humrar på til saman omkring to kilo. Kven byr, utfordra Søviknes.

Etter ein litt treig start, drog auksjonen seg opp og dei to bøttene enda på prislappar på 2 200 og 2 500 kroner, men då skulle bodgivarane ha ordføraren med som kokk.

Bilete av Fritz Thaulow

Som om ikkje Haddy var overvelda allereie måtte ho ta til tårene då Per Grieg sr fortalde at han ville donera eit av bilda frå samlinga på Oseana til aksjonen.

– Eg har vore med på mange store innsamlingsaksjonar av forskjellig art og har erfart at menneska i dette landet har ei givarglede nesten uten tak.

– Tenk om alle kunne gitt ein arbeidstime til aksjonen, då ville resultatet kanskje vore tidobla, appellerte Grieg sr.

– No trur eg ikkje det skjer i år, men eg tenkte eg ville gi eit bilde frå samlinga her. Det er eit Fritz Thaulow-bilde, som han mala i Frankrike og som passar bra til denne aksjonen, som jo handlar om vatn.

– Thaulow hadde eit eige meisterskap i å mala vatn, fortalte Grieg sr, som ikkje ville røpa kva han hadde betalt for bildet.

– Men vi ventar oss mange pengar for det. Eg kan lova at det ikkje kjem til å forlata TV-aksjonen utan at det er betalt skikkelig for, smilte ei rørt Haddy N'jie til dei vel 100 frammøte publikummarane.

Dei fekk i tillegg til bidraga høyra Maria og Synne frå Kulturskulen, Hans Marius Johnsen, Gina Aspenes og Fonos.

Video (0:30): Sjå og høyr Haddy og Tove sin appell til osingane om å stilla som bøssebærarar (foto: Andris Hamre/Midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.