Rosa sentrum i heile oktober

Rosa sløyfe-aksjonen: Samarbeid mellom Os Sentrumsforening og Brystkreftforeininga Bjørnafjorden.

Rosa sløyfe: I helga kom dei rosa lysa på plass. Laurdag 24. oktober blir det rosa sentrumslaurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 06. okt. 2020 10:41

På søndag starta årets Rosa sløyfe-aksjon.

Aksjonen har som mål å visa solidaritet med brystkreftramma, spreia informasjon, auka kunnskapen om brystkreft, samt å samle inn midlar til brystkreftforskning. Bak aksjonen står Kreftforeningen og Brystkreftforeningen.

Les òg: Vann gigantisk startportal til Rosa sløyfe-løpet.

Vil markera i heile oktober

I 2018 vart Os sentrum dekorert med 500 rosa BH-ar som ein del aksjonen, og under ei markering på torget fekk publikum ei sterk og personleg oppleving om korleis det er å leva med kreft, tankar kring døden og korleis ein lev vidare etter brystkreft.

I løpet av helga har det no kome på plass rosa lys i gatene i Os sentrum.

Marthe Kristensen i Os Sentrumsforening fortel at lyssetjinga er ein del av sentrumsforeininga sitt samarbeid med Brystkreftforeininga Bjørnafjorden.

– Med denne lyssetjinga på kveldstid vil vi setja fokus på saka gjennom heile oktober månad.

Rosa sentrumslaurdag 24. oktober

Kristensen fortel at trass i at det årlege Rosa sløyfe-løpet ikkje vert noko av grunna korona-restriksjonar, vert det jobba med andre arrangement og tilstelningar for å markera aksjonen.

– Det vi veit så langt er at det blir ein ny runde med sentrumslaurdag, laurdag 24. oktober, då som ein rosa sentrumslaurdag.

• Les òg: Rundar av sommaren med sentrumslaurdag

– Denne sentrumslaurdagen vil sjølvsagt ha fokus på Rosa sløyfe-aksjonen, men heilt korleis den blir driv vi enno å planlegg, avsluttar Kristensen.

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.