Brann og beredskap | 24. mars 2023

Røykutvikling på barneskule

Utrykning til Søfteland fredag kveld.

Røykutvikling på barneskule
Søfteland barneskule. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. mars 2023 21:21

Fredag kveld rykte Bjørnafjorden brann og redning ut på melding frå turgåarar om utløyst alarm i eit større bygg i Lerkevegen på Søfteland.

Det viste seg å vera barneskulen, og at delar av bygget var fylt med røyk.

– Det var ganske mykje røyk, ifølgje dei som var på staden, fortel varabrannsjef Erik Walden.

To røykdykkarar blei sendt inn.

OPPDATERT:

– Dei fann eit teppe som låg og ulma. Teppet blei tatt ut, og to vifter blei plasserte i bygget for å ventilera ut røyken, fortel Walden.

110-sentralen varsla om utrykkinga klokka 20.12, klokka 20.28 meldte brannvesenet om kontroll på staden.

Kva som var årsaka er uvisst. Politiet var også på staden, men vi har foreløpig ikkje lykkast med å koma gjennom på operasjonssentralen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.