Næringsliv | 29. aug. 2012

Røynde blomsterdamer

Når Mona Sørstrønen Holko og Silje Haugland Rangset opnar Floriss Amfi Os i midten av september er det med mykje erfaring i bagasjen.

Røynde blomsterdamer
Butikksjef Mona Sørstrønen Holko og assisterande butikksjef Silje Haugland Rangset gler seg til å opna butikken på Amfi Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 29. aug. 2012 14:30

I slutten av juli la Fjord'n Blomster ned verksemda si på Amfi Os. No, berre ein månad seinare, er det på ny liv i lokala, kor oppussing fram mot storstilt opning 20. september står i høgsete.

- Eg gleder meg kjempemasse til Floriss opnar.

- Senteret må ha ein blomsterbutikk. Seinest i dag fekk eg telefon frå ein som lure på kor han no skulle henvenda seg for å få bestilt blomster til eit sølvbryllup, fortel senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

Flyttar heim

Butikksjef Mona Sørstrønen Holko flytta i påska heim igjen til Os og nybygd hus på Sørstrøno. Med seg får ho assisterande butikksjef Silje Haugland Rangset, som óg er attende i bygda etter fleire år vekke.

- No var det på tide på gjera heiltidsosing av seg igjen, fortel dei to.

Mona starta karriera som utplassert elev ved Os Blomsterservice då ho gjekk i 8. klasse før ho byrja som lærling hjå Rune Juul i Bergen nokre år seinare.

- Frå der gjekk turen til Botanica på Bergen Storsenter før eg hamna i Oslo i åtte år. For åtte år sidan returnerte eg til Bergen og Botanica, då som medeigar. Men no er tida for å koma seg heim, smilar Mona Sørstrønen Holko.

Produktdesignaren som fall for blomstrar

Silje Haugland Rangset, vann i 2001 Os kommune sin kulturpris, då som keramisk designar før ho flytta til Oslo og keramikken blei lagt på hylla.

- Eg er eigentleg produktdesignar og formgjevar, men har vore i blomsterbransjen dei siste ti åra, fortel Haugland Rangset som óg har fått med seg ei utdanning som blomsterbindar.

Karriera med blomster starta eigentleg enno tidlegare då ho allereie i 1996 jobba i rosegartneriet til Erling og Terje Lunde på Haugland.

I Oslo har ho jobba i fleire firma, mellomanna hjå ein større blomsterleverandør og som blomsterbindar hos Brattlikollen kransebinderi.

- Noko av det siste eg fekk æra av å gjera der var å binda kistedekorasjonen til Gunnar "Kjakan" Sønsteby si kiste. Eit ærefullt og spesielt oppdrag, fortel Haugland Rangset.

Vraka Bobbysocks

Mona Sørstrønen Holko feirar i år at det er 25 år sidan ho tok fagbrevet i blomsterfaget.

- Eg gjekk ei god skule hos Rune Juul og fekk vera med på mykje.

- Mellomanna hadde vi oppdraget med å levera blomstrane til Melodi Grand Prix-finalen i Grieghallen.

- Der hadde vi ei episode som kan visar at det ikkje alltid går som ein planlegg.

For å heidre Bobbysocks ville arrangørane laga ei blomsterstatue av Hanne Krogh og Elisabeth Andreasson.

- Ein skulptør skar ut statua i oasis og vi fekk oppdraget med å sluttføra den med å stikka rosa nellikker i forskjellege nyansar i oasisen. Etter å ha jobba heile kvelden og natta med å snitta og stikka blomstrane såg vi etterkvart at den blei så stor og stygg at vi ikkje kunne visa fram resultatet.

- Det endte med at heile saken blei køyrd opp i Nygårdsparken, fortel blomsterdekoratøren med eit smil.

Den første på Vestlandet

Floriss-butikken dei no opnar på Amfi Os er en første i kjeda som opnar på Vestlandet.

- Kjeda består av 96 butikkar, men vi er altså den første som kjem på Vestlandet.

- Kva kan kundane forventa av dykk?

- Blomster er eit eige fag, og det må vi få vera så ubeskjedne å seie at vi kan. I tillegg kan vi lova god service, kvalitet og prisar. Mellomanna får vi inn eit nytt stor kjølerom for at blomstrane skal halde seg friske.

- Vi håpar kundane vil koma til oss uansett om dei vil ha med ein enkel kvardagsbukett heim til kona, eller om dei skal stelle i stand til fest eller gravferd. Å få vera rådgjevarar og hjelpe til med idear er noko vi håpar vi får lov til, seier butikksjefen.

- Ein ting du kan skriva er at vi er veldig gode på hjarter. Eg kan lova at hos meg får du fyldige hjarter for eit kvart høve, smilar assistenten.

Dei to vil få med seg ytterligare tre medarbeidarar slik at dei blir fem i butikken når den opnar i september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.