Kultur | 06. mai 2010

Rulla opp rekordmåleri

I dag blei Frode Sirevågs 3,7 x 5,6 meter store måleri rulla opp på ytterveggen på AMFI Os.

Rulla opp rekordmåleri
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. mai 2010 13:04



- Eg har visst sagt avduking, men det er nok ei opprulling de no skal få sjå, sa kunstnar Frode Sirevåg då det store måleriet hans i dag blei rulla opp på senteret sin yttervegg mot Byvegen.

Les òg:
Os´ største?

Sidan 22. april har han jobba med måleriet, i Amfisenteret, først med prosessbildet, eit ferdig måleri på lerret, så med å måla det over på ein pvc-duk.

Størst og mest sett
Både i fysisk storleik og i besøkstal, om vi tel med dei som kjører forbi, vil Frode Sirevågs bilde bli rekordstort i lokal samanheng.

- Det vil nok tangera Mona Lisa, seier Frode, som er kjent for litt spesiell stunt, anten det handlar om filmfestival, danseband eller kunst.

Tok bilde av bildet
Sirevåg fekk fotograf Erlend Haukeland til å fotografera prosessbildet. Det digitale bildet blei så skrive ut hos storformattrykkeriet Maxprint, som også held til i Os.

- Det er ikkje første gong vi trykker foto av kunst, men det er første gong vi har printa noko som skal målast på. I alle fall så vidt eg veit, seier dagleg leiar hos Maxprint, Tommy Vaksinen Kristiansen.

Solventen som er trykt på pvc-duken tåler mykje vatn og vind. Sirevåg har brukt ei tresystems akrylmaling handsama med noko som ifølgje han sjølv fekk det til å lukta voldsomt då han i går la siste hand på verket – også det inne på AMFI Os.

Mykje skryt
Det blei som kunstnaren hadde lova ei høgtideleg opprulling av måleriet i dag. Kuventræ barnehage og fleire vaksne publikummarar møtte fram for å få med seg den store dagen og det store måleriet.

Ordførar Terje Søviknes heldt tale, og drog ein parallell til Oseana, som i same and som Sirevåg sine kreative initiativ, vil visa kunst på ein ny og spennande måte.

Etter opprullinga, som var akkompagnert av flott gitarmusikk av Kongshaug-eleven Sverre Hatleskog, var det mykje skryt å hausta for kunstnaren.

- Vi bruker denne plassen til reklamebannarar, men berre nokre dagar i månaden. Resten av tida vil måleriet henga her. Det har også kome ønskje om eit måleri også på ytterveggen ved Musikkverket, så det kan bli fleire flotte opprullingar hos oss, seier senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

Kva med skissa?
Måleriet har ikkje fått tittel. Og prosessmåleriet, den vesle versjonen av det store måleriet til Frode, er ikkje selt. Førebels heng det på galleriet hans i Buggegården.

- Det får få sin plass inne på senteret, det er her det høyrer heime, seier Frode Sirevåg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.