Sport | 20. juli 2011

- Rulla rett i

Sigurd Helgesen opplevde ein kvar golfar sin draum då han tysdag slo hol-in-one på Bjørnefjorden.

- Rulla rett i
Andris Hamreonsdag 20. juli 2011 02:41

Medan Midtsiden.no satt i klubbhuset og snakka med dottera Solveig om sigeren i Lag-NM kom meldinga om at faderen hadde klart prestasjonen å slå ballen direkte frå utslaget rett i holet.

Etter ei stund har han gjort seg ferdig med runden saman med kona Bjørg og kjem inn i klubbhuset til stor jubel og med eit breitt glis om munnen.

- Det er berre heilt utrulig, jublar han etter dei første gratulasjonane.

- Det er gjerne slik at du kjenner med ein gong at du har slått eit godt slag. Fekk du den følelsen?

- Nei, eg tenkte at slaget blei for kort, men så spratt ballen to gonger før den stille og roleg rulla ned i koppen, smilar Sigurd Helgesen.

Draumeslaget fekk han på det nye hol 4 på Bjørnefjorden golfklubb si bane på Hauge.

- Har du klart bragden tidlegare?

- Nei dette er første gongen, eller eg har gjort det ein gong tidlegare, men då på vintergreen så det tells ikkje, meinar den glade golfaren.

Med prestasjonen har han klart å ta att dottera på eitt område på golfbana. Solveig slo nemleg hole-in-one for nokre år sidan på det som då var hol 1 på Bjørnefjorden.

- Det var eigentleg ei litt artig historie. Vi hadde ei lita familiefeide kor Solveig og broren spelte mot meg og mora. Etter det første holet hadde ungdommane brukt berre tre slag tilsaman på par 3-holet, avsluttar Sigurd Helgesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.