Lokal | 14. feb. 2020

Rulla utfor i Søvikåsen - måtte haika heim i natt

Varsla politiet sjølv, men ingen rykte ut.

Rulla utfor i Søvikåsen - måtte haika heim i natt
Bilen hamna utfor Ole Bulls veg og over på sida eit stykke nede i skogen. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. feb. 2020 11:37

Fredag var det ei utforkøyring på Ole Bulls veg, nær Lyseklostervegen.

– Bilen låg langt nede i ei skråning, så den sto ikkje til hinder for annan trafikk.

– Men då den skulle bergast blei det litt kø, fortel Christoffer Vernøy.

Dette var litt før 9.30 i dag.

Det var ingen nødetatar på staden, og det er uvisst om nokon blei skadd. Midtsiden har ikkje lykkast i å koma i kontakt med politiet. Ivar Moen ved Forsvarets operative hovedkvarter seier dei ikkje har mottatt rapport om ulykke eller skade nær Ulven.

OPPDATERT:

Etter at vi publiserte denne saka, har vi blitt kontakta av ein som seier han er far til ein av dei to som var i bilen, som er sivil, ikkje Forsvaret sin.

– Dei køyrde utfor i 1-tida i natt. Det var to personar i bilen, dottera mi på rundt 20 år og ein mannleg kollega, som køyrde bilen.

Den skal ha rulla 3-5 gongar før den enda på sida.

Det blei noko kø då bilen skulle bergast. (Foto: Christoffer Vernøy)
Det blei noko kø då bilen skulle bergast. (Foto: Christoffer Vernøy)

– Dei ringte politiet for å seia ifrå. Dessverre kom det ingen patrulje, så ho gjekk heim til Lysefjorden.

– Heldigvis fekk ho haik på vegen. Ho har prøvd å ringa oss foreldre òg, og eg irriterar meg over at eg ikkje vakna av den telefonen. Eg synest ikkje det er greit at nokon som har vore med på ei utforkøyring som denne, blir ståande åleine på ein aude veg, og må vandra gatelangs med mørke klede.

– Vi har vore til lege i dag, og ho har hjernerystelse og skulle helst hatt tilsyn i natt. Bilførar skal visst til lege seinare i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.