Sport | 25. feb. 2016

«Rundspelte» Rundsveen

To osingar møttest i finalen i snookerturneringa i Os i helga. – Daniel Skaathun er klar medaljekandidat i NM i mars, seier veteranen Reidar Rundsveen.

«Rundspelte» Rundsveen
Reidar Rundsveen (t.v.) måtte sjå seg slått av klubbkamerat Daniel Skaathun i NM-oppkøyringa. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. feb. 2016 08:36

Bildeserie:

Semifinalistane. Saltnes og Vespestad tok delt 3. plass. (Privat foto)
Semifinalistane. Saltnes og Vespestad tok delt 3. plass. (Privat foto)
1 av 1
Semifinalistane. Saltnes og Vespestad tok delt 3. plass. (Privat foto)

Tidlegare i februar arrangerte Os Biljard og Snookerklubb regionsturnering i nytt lokale, i helga hadde dei ei lokal snookerturnering.

Les òg: Spelte seg ut av smertehelvete

– Dette var, i motsetnad til biljardstemnet, eit uoffisielt stemne. Vi arrangerer NM i snooker helga 12. og 13. mars så vi ville ha ei oppkøyring, fortel Reidar Rundsveen.

Det kom spelarar frå Bergen, Arna og Stord til Os, til saman var det 20 deltakarar, 8 av dei frå vertskapsklubben.

Kjell Henriksen og Kenneth Sagebakken gjorde det òg godt, med delt 5. plass. Espen Saltnes (Kong Oscar BK) og John Christian Vespestad (Stord Snookerklubb) fekk delt 3. plass.

Det blei spelt 6-reds, som er ein raskare form for snooker. Det er 6-reds som blir spelt også i NM.

– Daniel er best

Veteranen Rundsveen, som har vore i toppen i noregscupen i snooker dei siste åra, kom til finalen. Der tapte han for klubbkamerat Daniel Skaathun.

– Daniel er den beste snookerspelaren i klubben, det ser vi på trening. Han har ikkje fått konkurrert så mykje, og ikkje alltid hatt klaf i konkurransar, så det var både rettvist og kjekt at han vann, seier Reidar.

– Eg håper det gav meirsmak og eg gler meg til å sjå han i NM. Vi har allereie fått telefonar frå dei beste spelarane i landet, som har sagt at dei deltar, men Daniel er ein klar medaljekandidat.

Måtte til England for å spela

Daniel Skaathun, som fyller 28 år i år, byrja å spela biljard då han var 12-13 år. Han var både flink og ivrig og hamna på landslaget, der han blant anna har deltatt i EM og VM.

– Eg gjekk over til snooker då eg var 17 år, men då var det ikkje noko snooker-miljø i Noreg. Det var heller ikkje lett for ein 17-åring å få ein stor nok sponsor til at eg kunne reisa til Engand og konkurrera kvar månad.

Men Skaathun var sponsa av ei Stavanger-bedrift ein periode og fekk seg nokre turar over Nordsjøen.

– Dette var min tredje snooker-turnering. Sist eg deltok i NM kom eg til kvartfinalen, men blei brått sjuk og måtte trekka meg.

Han synest det er kjekt at den lokale klubben har satsa på snooker, 4 av 8 bord i det nye lokalet er snookerbord.

No er han spent på nivået i NM på heimebane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.