Sport | 17. juni 2013

Rundt Gullfjellet på 2,19

Samund Nordang var raskaste syklist frå CK Henie i Gullfjellet Rundt søndag.

Rundt Gullfjellet på 2,19
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. juni 2013 07:27

Søndag blei Gullfjellet Rundt arrangert for 30. gong.

Sykkelrittet, som CK Henie srrangerer i samarbeid med Fana il, har start på Fana Stadion og mål på Fanafjellet, etter ei 85 km lang løype opp Gullfjellet, ut Rolvsvåg, opp frå Lønningdal og gjennom Os.

Svein Ivar Reiso frå Nymark IL var raskast med tida 02:15:22, rett bak kom årets Bergen-Voss-vinnar, Øystein Blom-Ohlsen frå Åsane CK på 02:15:26.

Frå CK Henie var Samund Nordang raskast. Han kom i mål på tida 02:19:56, 7. plass i klassen (menn 30 - 39 år) og 10. plass uansett alder.

Rune Sævareid og Tom Kidøy frå CK Henie kom på 14. og 15. plass i klassen, med tidene 02:38:46 og 02:46:25.

Det var berre to kvinner med rundt Gullfjellet, Caroline Angeltvedt Johannesen og Marit Iden, begge frå Åsane CK. Dei kom i mål på 02:39:01 og 02:49:08.

Sjå komplett resultatliste på ckhenie.no.

Les òg: Tre frå Os på topp 100 (Bergen-Voss)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.