Meining | 31. jan. 2023

Rus: – Når tre fagpersonar orienterer deg - kvifor treng du tal?

Leiar av ungdomsrådet reagerer på uttale frå kommunestyrerepresentantar.

Rus: – Når tre fagpersonar orienterer deg - kvifor treng du tal?
Mathilde Nonås på talarstolen torsdag. Då stadfesta ho ein trend, no undrast ho over enkelte som etterlyser statistikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. jan. 2023 14:24

Torsdag var politistasjonssjef, SLT-koordinator og ruskonsulent i kommunestyret for å fortelja korleis dei opplever status innan narkotikabruk i Bjørnafjorden kommune.

Dei forklarte kvifor statistikken ikkje fortel alt, og om kvifor dei er bekymra. Leiar for Bjørnafjorden ungdomsråd, Mathilde Nonås, stadfesta opplysingane.

Samnøy, Bruarøy, Hesjedal og Hesthamar var blant dei som kommenterte rus-trenden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògRus: Har ungdomen nok tilbod? Bør foreldra legga frå seg telefonen?

Fleire politikarar hadde spørsmål og kommentarar.

Thorstein Skårnes (Frp) spurde om dei hadde tal som viste trenden, eller om dette berre var «opplevd bekymring». Torgeir Skjælaaen (MDG) sa han var glad politiet handterer fleire narkotikasaker som helseutfordring, ikkje som straffesak.

Dei to har saman med Skjælaaen sin partikollega Nils-Anders Nøttseter signert lesarinnlegget «En faktabasert ruspolitikk» som blei publisert i Os & Fusaposten si nettavis i går.

Der skriv dei blant anna:

Vi har ingen dokumentasjon som viser hverken økt bruk eller økt normalisering. (...) Det er svært bekymringsverdig med unge som bruker rus, og som samfunn må vi finne måter å favne om våre unge. Det er også bekymringsverdig hvis de som skal møte våre unge ikke presenterer dokumenterte opplysninger. Enkeltopplevelser kan være skremmende, men ikke nødvendigvis representative for situasjonen i vår kommune.

Mathilde Nonås frå ungdomsrådet reagerer på etterlysinga av tal, og har skrive eit lengre innlegg på Facebook. Ho har gitt samtykke i at Midtsiden publiserer innlegget som eit lesarinnlegg:

Kjære politikarar

Etter torsdagens kommunestyre blei det ein rusdebatt. Ruskonsulent, SLT-koordinator og politistasjonssjef var i kommunestyret og hadde ei orienteringsak om at rus blandt unge har forverra seg i det siste.

Dei fortalte at talene frå ung data egentlig var fine, men dei ser nåke anna i sine jobbar. Dei ser ei negativ utvikling i rus blandt unge.

I staden for spørsmål om kva er det me kan gjere med dette her, så var det spørsmål om det fantes nokon tal som kunne bevisa det dei sa og om det dei sa egentlig var sant.

Då er mitt spørsmål; Når det står tre fagpersonar foran deg og orienterar deg om kva som skjer, fagpersonar som ser dette, fagpersonar som kjenner fagpersonar som ser dette, kvifor trenger du tal som beviser det?

Er ikkje det dei seier nok for at du skal ha handlingsevne til å gjere noko med det?

Og dei tala dåke ønskar, er dåke sikre på at dei er ei så veldig sikker kjelde når det gjeld dette med rus?

Hadde eg vore 13-15 år og hadde rusa meg ein eller to gongar før og fått spm på ungdata; "Rusa du deg?" så hadde eg så absolutt ikkje svart ja på det. Og så har du dei kule 8. klassingane som kanskje syns det er veeeeldig gøy å trykka ja når dei får spm om dei har rusa seg før på ungdata undersøkelsen.

Og dei ungdommane som ikkje ønsker å bli tatt i rus, trur du dei seier på ungdata at dei rusar seg? For dei ungdommane som ikkje ønskar å bli tatt finne du ikkje i ein ung data undersøkelse, men det er dei ungdommane det er flest av.

Ikkje nok med at det faktisk blir stilt spørsmål om det er sant eller ikkje. Men fokuset ligg på om det har auka eller ikkje. "Talene sei at det ikkje er verre rusmisbruk så då er det ikkje det".

Vel no har du tre fagpersonar med eit heilt nettverk bak seg som sei at fleire ungdommar rusar seg, då spelar det ingen rolle om det er 1% meir eller 10% meir. For uansett om det er liten eller stor negativ utvikling så har dåke med å gjera nåke med det!

Me har fleire ungdommar i kommunen som rusar seg, og eg gjer blanke i om det er 100 eller 1000, eller om det er 100 meir enn for 5 år sida eller 500.

No ser me ei utvikling, me ser at det er fleire, me ser at det er yngre, me ser at det enklare tilgang på stoff og at barn blir brukt til omsetning av stoff.

Dåke fortel at visst dåke som samfunn skal hjelpa dei som trenge det, så må dåke ha det beste faktagrunnlaget for å bistå, da har dåke. Dåke har eit heilt nettverk av fagpersonar som jobba tett innpå og ilag med ungdom, som fortel dåke kva som er sant.

Så kjære politikarar, viss dåke lurar på kva som er sant og ikkje i saker som gjeld ungdom, så kom å spør oss!

Ikkje be om ei undersøking eller tal, spør oss!

For det er me som veit best om ungdom. Me bite ikkje så veldig hardt!

Mathilde Nonås

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.