Lokal | 18. jan. 2020

Rusa mann gjekk midt i vegen og slo etter bilar

Slåstkamp i Os sentrum og fotgjengar til fare for seg sjølv i Mobergsbakken.

Rusa mann gjekk midt i vegen og slo etter bilar
Politiet tok hand om to menn som slåst utanfor Catten etter stengetid. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. jan. 2020 07:59

Politiet rykte ut til Mobergsbakken klokka 23.13 fredag kveld etter melding om full mann som gjekk midt i vegen og slo etter bilar.

Mannen blei køyrd til arresten i Bergen, opplyser politiet via Twitter.

Ifølgje eit vitne, som var nær på å køyra mannen ned, skal han først ha lagt i vegen nær Os brannstasjon.

– Han låg i vegen, inntil refuga i rundkøyringa, og det var så vidt eg såg han, fortel kvinna.

Til fare for seg sjølv

Ho stoppa, men hadde problem med å få kontakt med vedkomande.

– Han reiste seg opp, mumla noko på norsk og eit anna språk, så sprang han bort og slengte seg på bilen min. Den sto parkert i busslomma. Han sprang vidare til parkeringsplassen til Kiwi og urinerte oppetter ein bil før politiet kom. Eg var redd for at han skulle springa ut i vegen og bli påkøyrd, og det kom fire gutar i ein annan bil som hjelpte meg i forsøk på å roa han ned.

Politiet skal òg ha hatt ein kamp med å få kontroll på han. Dei skal ha møtt han i Byvegen i 21-tida, og køyrd han til legevakt for sjekk.

Slåstkamp etter stengetid

Klokka 03.33 natt til laurdag var det ein slåstkamp utanfor Catten Nightclub.

Politiet tok kontroll på to menn, ingen av dei var skadd etter tumultane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.