Lokal | 13. juli 2020

Rusa sjåførar utan førarkort

Rusa bilførarar, høglytt fest og ei bråkete kvinne var noko av det politiet kunne melda om helgen i Bjørnafjorden.

Rusa sjåførar utan førarkort
Vinglete bil med rusa sjåførar vart stoppa av politiet på Halhjemsvegen fredag kveld. (Foto: SVV)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 13. juli 2020 07:31

Fredag kveld fekk politiet varsel om vinglete bilkøyring på Tysnes. Politiet rykka ut og i 21-tiden vart bilen stoppa på Halhjemsvegen. I bilen satt det tre personar, to av dei var tydeleg berusa og den tredje var under atten år.

– Det er uklart kven av dei som køyrde bilen, men ingen av dei tre har gyldig førarkort. Dei vart alle teken inn for blodprøver og er alle anmeldt for køyring i ruspåvirka tilstand og køyring utan gyldig førarkort, seier innsatsleiar ved Vest Politidistrikt, Christine J. Grindstein.

Høglytt fest og bråkete kvinne

Resten av helgen har i følge Grindstein vore roleg, med unntak av litt festbråk og ei bråkete kvinne.

– Ei kvinne i 30-årene fekk laurdag kveld eit pålegg om å ikkje oppsøka ein privat stad og etterfølgde dette.

I tillegg vart det meldt inn om litt feststøy i nord for Os sentrum på ein privat adresse.

– Når politiet ankom plassen var festen allereie i ferd med å avsluttast, så det ordna seg fint av seg sjølv, avsluttar Grindstein.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.