Lokal | 21. des. 2012

Ruskøyring og tjuveri

Ein mann i 50-åra mistenkt for å køyre bil i rusa tilstand i Lysefjorden. Ei dame i 30-åra tatt for tjuveri på Amfi.

Ruskøyring og tjuveri
Politiet måtte rykke ut til Amfi for å ta hand om ei dame mistenkt for tjuveri (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 21. des. 2012 08:28

Omlag klokka 1140 torsdag formiddag fekk politiet melding om mistenkeleg køyring i Drangeområdet i Lysefjorden.

- Vi rykka ut med ei patrulje som påtraff den aktuelle bilen.

- Den blei stoppa og mannen i 50-åra blei fråteken førarkortet og tatt med til legevakta for blodprøve, fortel lensmann Rasmus Dalen ved Os lensmannskontor.

Politiet mistenker mannen for å ha køyrd i rusa tilstand og vil behalde førarkortet til blodprøvene er analysert.

Stal julegåver?

Torsdag kveld fekk patrulja frå lensmannskontoret melding om tjuveri frå ein butikk på Amfi Os.

- Ei dame i 30-åra blei gripen og funn av tjuvegods blei gjort på ho.

- Ho vil bli meld for tilhøva, fortel lensmannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.