- 09. mars 2021

Russen i Os køyrer heildigital kreftaksjon

Vil både konkurrera og samarbeida om innsamling til Krafttak mot Kreft.

Celina Beate Reusch Sæle og Ida Grønvigh frå Os vgs saman med Stine Eide frå Os Gymnas. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 09. mars 2021 14:04

Krafttak mot kreft er Kreftforeningen si årlege aksjon, Noregs nest største innsamlingsaksjon.

Ein viktig del av dei årlege bøsseberarane er russen, i tillegg til bygdekvinnelag, frivilligsentralar, andre lag og foreiningar og bedrifter.

Krafttak mot kreft foregår frå 6. til 14. mars i 2021, og russen i Os er i gang med årets innsamling.

– Krafttak mot kreft er ein innsamlingsaksjon som vi sjølvsagt meiner er viktig å bidra på, seier russepresident, Celina Beate Reusch Sæle, frå Os vgs.

Kreft tar ikkje pause

Normalt besøker nærmare 20.000 bøsseberarar norske husstandar for å samla inn pengar til viktig kreftforskning og tilbod til dei som er berørte av kreft.

Pandemien har sett delar av samfunnet på vent, men kreft tar ikkje pause, og kreftforeninga oppfordrar difor til å gjennomføra heile aksjonen digitalt.

– Vanlegvis blir innsamlinga gjort både digitalt og at vi går frå dør til dør og samlar inn pengar. Men i år får vi ikkje gjort den fysiske innsamlinga, noko som gjer at i år blir heile innsamlinga digital.

– Vi kjem til å vera aktive på alle dei ulike sosiale plattformene som vi kjenner til, og håper at folk finn all informasjon dei treng der.

– Innsamlinga går via Vipps og vi har fått ulike nummer til våre representative skular, 451068 til vgs, 451022 til gymnaset. Summen endar opp hos kreftforeningen, seier Sæle.

Lokal konkurranse

Både russ frå Os Gymnas og Os vgs skal delta på innsamlinga, og dei er begge innstilte på å vera den som samlar inn mest.

– Vi skal gjera alt vi kan for å vinna over Os vgs, humrar visepresident frå Gymnas-russen, Stine Eide.

– Vi kjem til å konkurrera litt mellom skulane, og det vil forhåpentlegvis vera positivt for innsamlinga, men det viktigaste er at vi klarar å få samla inn så mykje som mogleg, avsluttar Ida Grønvigh frå Os vgs.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.