Kultur | 22. mars 2019

Russen samla inn 175.000 kroner

Osruss 2019 - Krafttak mot kreft: Både Os Gymnas og Os vgs fekk inn meir pengar enn i fjor.

Russen samla inn 175.000 kroner
Andrea Moberg og Lene Lepsøy var blant russen som gjekk med bøsse i Os på søndag. (Foto: Osruss 2019)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. mars 2019 10:50

Bildeserie:

F.v.: Vegard, Trym, Steffen og Alexander i Krafttak-komiteen.
F.v.: Vegard, Trym, Steffen og Alexander i Krafttak-komiteen.
Innsjekk og rutetildeling.
Innsjekk og rutetildeling.
Dei fleste hadde personleg nokon å gå for.
Dei fleste hadde personleg nokon å gå for.
Sara, Fathima og Camilla klare for innsats.
Sara, Fathima og Camilla klare for innsats.
1 av 4
F.v.: Vegard, Trym, Steffen og Alexander i Krafttak-komiteen.
Innsjekk og rutetildeling.
Dei fleste hadde personleg nokon å gå for.
Sara, Fathima og Camilla klare for innsats.

Etter eit tankjevekkande og godt avspark i førre veke, var russen frå Os på innsamlingsaksjon søndag.

– Det var fint vêr, som var kjekt for dei som gjekk, men som òg førte til at ein del var vekkreist, fortel russepresident ved Os Gymnas, Vegard Strønen Skeie.

– Det var heldivis likevel ein god gjeng som stilte opp, og dei gjorde ein kjempejobb! legg han til.

Nær rekordåret 2017

Totalt innsamla beløp blei 175.000 kroner, mot 150.000 kroner i fjor, og nær rekordåret 2017, då det blei samla inn 177.000 kroner.

– Vippsen vår (nr 451068) er framleis open, viss nokon vil løfta oss inn i eit nytt rekordår, seier Trym Hjørnevik frå Os vgs.

Uansett, russen har kome med stabilt gode og viktige bidrag år etter år.

Totalt har russen i Noreg, ifølgje krafttakmotkreft.no, til no samla inn 36,4 millionar kroner.

Mest kontant

Vipps har blitt ein praktisk og viktig betalingsmåte, men russen opplevde at folk fortsatt har fysiske pengar på lur.

Os vgs fekk inn 45.000 kroner, 32.000 av desse var kontant på bøssene.

Os Gymnas fekk inn 130.000 kroner, 87.000 av desse var cash.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.