Russen spreidde glede i Os

Køyrde «Optimist-rulling» på Luranetunet, Kuhnle, sentrum og AMFI.

Seks bilar med russ starta rulling i Os med dans utanfor Luranetunet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. mai 2020 14:58

Bildeserie:

På Kuhnle fekk russen endeleg bestemma musikken sjølv. (Foto: KVB)
Initiativtakarane: Jenny Rokne og Lovise Fjelltveit er frå Os, og elevar ved Nordahl Grieg, som har dåp i dag. (Foto: KVB)
Trivllingbilane fekk namnet «Cancel It» før korona kom. (Foto: KVB)
Desse jentene frå Os Gymnas fekk problem med å bestemma seg for farge. (Foto: KVB)
Vandreruss frå Nordahl Grieg møtte opp til rulling i Os. (Foto. KVB)
På Luranetunet fekk dei endeleg besøk i dag, etter to månadar utan. (Foto: KVB)
Livleg russ allereie klokka 13 på dagen. (Foto: KVB)
Godt dokumentert. (Foto: KVB)
«Optimist«, «La det swinge» og «Fugledansen» ljoma over plassen. (Foto: KVB)
Så var det ein runde innom sentrum. (Foto: KVB)
Så var det ein runde innom sentrum. (Foto: KVB)
Russepresident Martine i midten. (Foto: KVB)
Russekort-jegerane fekk òg noko å plukka. (Foto: KVB)
Jentene på «Clueless» kom for seint til Luranetunet, men fekk med seg neste tun. (Foto: KVB)
På Kuhnle fekk russen endeleg bestemma musikken sjølv. (Foto: KVB)
Initiativtakarane: Jenny Rokne og Lovise Fjelltveit er frå Os, og elevar ved Nordahl Grieg, som har dåp i dag. (Foto: KVB)
1 av 14

  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Årets russefeiring er kraftig redusert.

Les òg:

Men feiringa er i gang og skulane i Bjørnafjorden kommune har til saman rundt 15 russebilar.

I dag var ungdom fordelt på fire russebilar og to sivile bilar på rulletur for å spreia glede i heimbygda. Initiativet kom frå to osingar som er avgangselevar ved Nordahl Grieg. Eller rettare sagt; frå faren til ein av elevane.

– Eg har ikkje vore russ sjølv, det nærmaste eg kom var å vera sjåfør for kona då ho var russ, seier Jan Kristian Rokne og ler.

– No har vi vår andre russ i huset, og då ho hadde russevenar på besøk, og dei skal ha dåp i kveld, så kjente eg at «no må det skje noko».

Jentene var med på ideen, varsla resten av russen i Os og Fusa og fekk god oppslutnad. Samtidig rigga Pappa-Rokne ein tilhengar med lyd og sjekka interessa ved institusjonane for å få besøk.

Russepappa Jan Kristian Rokne gav instruksjonar før dagens rulling frå Luranetunet. (Foto: KVB)

Dagens rulling starta på Luranetunet, til Jahn Teigen sin «Optimist» og vidare til «La det swinge» og «Fugledansen». Turen gjekk vidare via Os sentrum til Kuhnletunet før den heldt fram til Amfisenteret og nokre tilfeldig utvalte nabolag.

– Eg synest det er veldig fint gjort å besøka oss! Vi har tatt med oss ut dei det passa for, og vi synest alle dette er veldig gøy, seier Irene Særvold Halvorsen.

Saman med kollegaen Amalie Evensen kasta ho seg delvis med i dansen. På Kuhnle fekk russen etterkvat styra musikken sjølv, og då kjente Amalie, som var russ i fjor, det skikkeleg i rockefoten.

– Vi hadde ei veldig fin russetid i fjor, og no kjenner eg at eg saknar det. Eg håper årets kull får mest mogleg ut av denne feiringa.

Kollegaene Amalie og Irene på Kuhnletunet kasta seg med i dansen. (Foto: KVB)

«Avlys det!»

Blant dagens kortesje var to av dei fire russebilane frå Fusa vgs. Russepresident Emilie Furevik er medlem på ein av dei to tvillingbilane.

– Vi er ein venninnegjeng på 15, så det blei to bilar med same namn. Namnet «Cancel IT» tok vi før korona kom, fordi vi fekk mykje motgang med både oppussing av bilane og å få løyve til å skjenka på russeslepp, forklarer ho.

Russepresident ved Fusa vgs, Emilie Furevik. (Foto: KVB)

Men russetida blei ikkje heilt avlyst.

– Vi hadde dåp via video. Då var kvar russebil samla i kvar si stove, og eg trur alle hadde ein fin fest.

– Seinare har vi brukt ein parkeringsplass som ligg for seg sjølv. Der forstyrrer vi ingen, samtidig som vi kan vera samla, men på trygg avstand gjeng for gjeng.

Vil rulla på 17. mai

Det er i alt rundt 50 russ ved Fusa vgs. Elevane er frå blant anna Os, Fusa og Kvam.

På Os Gymnas og Os vgs er det til saman over 10 russebilar.

– Til no har vi festa kvar for oss, bil for bil, men vi vil undersøka om vi kan vera litt meir samla no når det er sleppt opp. Vi ønskjer òg å rulla 17. mai, kanskje vi koordinerer litt med Os Amcar, og kjem tilbake til Midtsiden når vi veit kvar og kor tid, seier president ved Os Gymnas, Martine Særvoll Pedersen.

Sjå bildeserie frå dagens rulling under (bildeseriar på Midtsiden er berre synlege for pålogga abonnentar). Her kan du kjøpa abonnement.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.