Sport | 24. jan. 2021

Rustar opp populær tursti

Tommy Aasen fekk full finansiering på første forsøk.

Rustar opp populær tursti
Tommy Aasen fekk uventa god respons hos Ståle, her på Pilabruo på tur med sambuaren Nina Norheim. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. jan. 2021 18:02

I fjor måtte Tommy Aasen avlysa Redd Barna Cup. Saman med dugnadslaget bak fotball- og sandvolleyballturneringa redda han den årlege fiskekonkurransen i 2019, og prøvde å laga ein digital, smittevernvenleg versjon i 2020, utan at det gav noko respons.

Med litt ledig tid har dei engasjert seg i anna terreng; turterreng.

– Det har jo skjedd ein del positivt i fleire turområde, både på Os og i Øyane, som Eventyrløypa, som har fått gapahuk, og i Trollskogen mot fyret, der det var endestasjon på ein populær jule-rebus i desember.

– Mange turgåarar tar seg ein rundtur i Søramarkjo, anten frå Pilabruo, frå Eventyrløypa eller frå Gjelevika ved den nye Inka-fabrikken, forbi Kobbavågen og vidare.

Sistnemte entré til Søramarkjo hadde på 1980-talet eit kort stykke granskog før du kom ut til eit ope beite med tørt gras rundt nokre få dammar. Så blei det planta grantre, og stien blei mørk og våt.

Våte parti i Elvedalen tørkar sjeldan opp etter at grantrea vaks fram. (Foto: KVB)
Våte parti i Elvedalen tørkar sjeldan opp etter at grantrea vaks fram. (Foto: KVB)

Fekk 50.000 på éin telefon

Aasen og Redd Barna-gjengen har vore i dialog med to grunneigarar og fått grønt lys til gruslegging av to parti i første omgang.

– Trinn éin blir frå Inka til inst i Skitnevågen, eit stykke på rundt 200 meter. Inka har laga fin sti forbi eiga tomt, men me vil vidare.

– Dette blir òg det mest omfattande arbeidet, og me reknar med at det vil kosta 50.000 kroner i kjøp av grus og leige av maskin og entreprenør.

Elvedalen er skiljet mellom bustadområde og skog - med sti, men ganske våt. (Prosjektkart: Redd Barna Cup)
Elvedalen er skiljet mellom bustadområde og skog - med sti, men ganske våt. (Prosjektkart: Redd Barna Cup)

Etter å ha arrangert Redd Barna Cup i snart ti år, har det blitt mange ringerundar til sponsorar.

– Sjølv om dei er positive år etter år, er det med blanda kjensler eg tar desse ringerundane, sidan det stort sett er dei same.

Han hadde sett for seg ein lang laurdag på telefonen, men kunne fort ta fri.

– Tommy veit kva han gjer når han ringer meg ein laurdag morgon, seier Ståle Daae Børnes og ler.

Han driv Bergen Marinesenter i Bergen, men bur i Øyane, nær inngangen på eine stien.

– Då det ikkje blei sving på digital fiskekonkurranse, er det klart me må støtta neste prosjekt. Eg liker sjølv å gå tur i området, og dette er noko mange kjem til å ha glede av, seier Ståle, som delte ut 50.000 på strak arm.

– Så kan heller andre ta trinn to, seier båtseljaren, med klar oppmoding til andre potensielle sponsorar om å halda seg klar.

Med barnevogn til Kobbavågen?

Då trinn éin blei finansiert på første forsøk, blir det byggestart ganske snart.

– Dato er ikkje bestemt, men målet er å få det ferdig i løpet av våren.

– Før start vil vi varsla naboar og hytteeigarar som bruker stien.

Etter å ha oppgradert stien på Per Ole Røttingen sitt område vil dei grusa på nytt eit finare stykke turveg, frå Skitnavågen opp mot porten over Kobbavågen.

Trinn 2 er ny grus på denne stien. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Trinn 2 er ny grus på denne stien. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Eg trur denne stien blei bygd på 1930-talet. Oldefar min var med og bygde den. Den er fin, men treng litt vedlikehald, og det har grunneigar Olav Røttingen sagt ja til.

Når alt er ferdig blir det kanskje mogleg å ta seg til Kobbavågen med både barnevogn og rullestol.

– Det skal i alle fall bli tørrare og enklare å gå, men det er målet at òg dei med hjul skal kunna bruka stien.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.